Hopp til innhold

Kaos rundt Annan-millionar

Start meiner dei har krav på 2,5 million kroner frå Rosenborg, etter Anthony Annan-overgangen til Schalke. Start har ikkje sett noko til pengane. Rosenborg skuldar på Aalesund.

Rosenborgs Anthony Annan i duell med Christer Kleiven.

PENGE-KRØLL: Anthony Annan sin overgang til tyske Schalke, skapar kaos rundt kven som skal ha pengar. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Sveinung Hovstad

Sveinung Hovstad, Start

Foto: Håvard Raustøl / NRK
Henrik Hoff

Henrik Hoff, Aalesund

Foto: Arne Flatin / NRK
Erik Hoftun

Erik Hoftun, Rosenborg

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Avtala rundt Annan er krystallklar slik vi ser det. No avventar vi å få pengar frå Rosenborg, seier administrerande direktør i Start, Sveinung Hofstad til fvn.no.

Vidaresalsavtale

I januar gjekk Annan til den tyske klubben Schalke for 22 millioner kroner. Start var sikre på at dei hadde sikra seg delar av overgangssummen fordi salskontrakta hadde ein vidaresalsklausul. Annan gjekk frå Start til Rosenborg i 2008.

Men ifølgje dagleg leiar i Aalesund, Henrik Hoff, gjeld ei slik avtale kun i to år, dersom ikkje anna står i kontrakta.

Då Aalesund selde Tor Hogne Årøy til Japan i januar ville Rosenborg ha sin del. Årøy gjekk frå Rosenborg til Aalesund i 2001.

– Eg har kjent til dette regelverket i mange år. Vi har hatt fleire tilfelle i Aalesund der dete har blitt teke hensyn til. At det er formulert om vidaresalsavtala gjeld i to år eller meir, seier Hoff.

Nektar å betale

Det betyr at Aalesund ikkje vil gi Rosenborg pengar for Årøy-overgangen, og viser til regelverket. Det seier altså at ei vidaresalsavtale kun gjeld i to år, dersom ikkje anna er avtala.

I tillegg nektar Rosenborg å betale Start - før dei har har motteke pengar frå Aalesund.

– Vi har ikkje fått pengar frå Aalesund og vil ikkje sitje med skjegget i postkassa, seier Erik Hoftun i Rosenborg.

– Det ligg hos Rosenborg, seier Hovstad i Start.

Dersom klubbane ikkje blir einige, kan saka ende i idrettens voldsgiftsnemnd, eller gå inn i det sivilrettslege systemet, skriv avisa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %