Hopp til innhold

Vil tømme butikkane for brød

Bondelaget i Agder-fylka støttar opp om den landsomfattande aksjonen mot staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane.

Birte Usland

VIL TØMME BUTIKKANE: Leiar i Bondelaget i Vest-Agder, Birte Usland, støttar opp om den landsomfattande aksjonen som går ut på å tømme butikkane for brød.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

brød

BRØD-AKSJON: Bøndene i Agder støttar opp om aksjonen mot staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane.

Foto: NRK

Målet er å blokkere all utkøyrsel av mel frå dei største mel-leverandørane i landet. Samstundes skal det hamstrast brød frå butikkane. Målet er å tømme butikkane for brød.

– Kjøp rikeleg

– Vi har oppfordra våre medlemmer og vener til å kjøpe litt rikeleg med brød fordi det snart går tomt. Bakgrunnen er at bakarane ikkje får mel til på bake, seier leiar i Vest-Agder Bondelag, Birte Usland til NRK.no.

Måndag troppa bronderepresentantar opp på fylkeshusa i dei to Agder-fylka for å protestere mot regjeringa sitt lønsforslag. Tysdag held protestane fram.

– Går automatisk tomt

– Butikkane får påfyll av brød gjennom heile dagen, så dersom det plutseleg ikkje blir laga nye brød går det automatisk tomt, seier Usland.

Regjeringa vil ha matproduksjonen opp. Dette krev bøndene meir pengar for. Tilbodet frå staten er på 13 000 kroner meir per årsverk. Bøndene, med ei snittlønn på rundt 300.000 kroner, krev 50 000 kroner ekstra.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %