Hopp til innhold

Kadaverhundar skal jakte døde dyr

Kvart år døyr fleire tusen sauer og lam i utmarka. No vil fylkesmannen i Vest-Agder trene opp hundar til å finne dei døde dyra raskt for å oppklare dødsårsaka.

Sau drepen av bjørn

VIL FINNE KADAVER: Spesialtrena hundar skal finne døde sauer og lam. På denne måten vil det bli lettare å dokumentere dødsårsaka.

Foto: Einar Fortun, Statens Naturoppsyn

– Vi veit at det går veldig kort tid frå dyra døyr til dei er borte. Det går raskt før det ikkje er mogleg å fastslå dødsårsak. Hundane vil bli ein uvurderleg ressurs, seier viltforvaltar hos fylkesmannen i Vest-Agder, Tor Punsvik til NRK.no.

Hundretusenvis av sauer og lam blir slept på beite om våren. Fleire tusen kjem ikkje tilbake frå sommarbeite. No kan hundar gjere det enklare for ekspertane å finne ut om dyra har blitt drepne av rovdyr, sjukdom eller av andre årsaker.

Nytt i Norge

Tor Punsvik

VILTFORVALTAR: Tor Punsvik trur erstatningsutbetalingane vil bli større sidan hundane vil finne dei døde dyra raskare. Det vil det bli lettare å fastslå dødsårsaka.

Foto: Privat

– Formålet er at vi ynskjer å få betre innsyn i tap av bufé i utmark. Vi har gjennom mange går erkjent at ein alt for liten del av sau og lam, som blir borte i beitesesongen som blir funne og gjort greie for, seier Punsvik.

– Dette ynskjer både vi og næring å gjere noko med. Vi veit at tapsforholda er komplekse. Vi har sjukdom, ulykker og periodevis rovviltproblematikk, seier han.

Bruk av kadaverhundar er relativt nytt i Norge. Men resultata så langt har vore positive. I Rondane Nasjonalpark har funnprosenten auka frå under 10 prosent til opp mot 30 prosent.

– Resultata har vore usedvanleg gode så langt, seier leiar av foreininga for Norske Kadaverhundar, Johnny Mathisen.

Større utbetalingar

Berre i Vest-Agder vart det utbetalt i overkant av 300 000 kroner i erstatning for rovviltsakder. Viltforvaltaren ser føre seg at talet vil stige ytterlegare når ein får betre oversikt over kva som gjer at dyra går tapt på sommarbeite.

– Slik det er i dag kan ein ofte oppleve det som Lotto for å få erstatning. For du må ha dokumentasjon i området rundt deg. Dei som ikkje har det, men som har store tap kan føle det som urettferdig og får ikkje utbetaling i dag, seier Punsvik.

– Det vil i alle fall ikkje medføre redusert utbetaling. Dersom vi får avdekt meir tapsforhold som også kan skuldast andre ting vil næringa ha moglegheit til å førebyggje dei på ein betre måte, seier han.

Rolige hunder er ikke nødvendigvis de dårligste

KADAVERJAKT: – Dei aller fleste hunderasane kan trenast opp til å jakte på kadaver, seier Punsvik.

Foto: Anniken Sande

Vil ha hjelp

I april skal fylkesmannen i Vest-Agder arrangere eit informasjonsmøte om bruk av kadaverhundar. Til hausten vil det bli arrangert sertifiseringskurs.

– Vi søkjer kontakt med alle som kan ha interesse av hundearbeid og som likar å gå i skog og mark. Vi er ute etter hundefolk som kan tenkje seg å gjere noko meiningsfylt, seier viltforvaltaren.

Punsvik påpeikar også at nær sagt alle hundar kan bli kadaverhundar.

– Dette er noko dei fleste rasar vil kunne trenast opp til, seier han.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 3,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,8 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %