Hopp til innhold

– «Solkongen» Arne Thomassen

Lillesand-ordførar Arne Thomassen blir den store valvinnaren på Sørlandet. Høgre har nesten 50 prosent av stemmene i byen. Dermed går det mot ein ny periode med Thomassen som ordførar.

Video d821e95b-7b2b-40af-bdc4-2fdf598ad3e0.jpg

Arne Thomassen (H) kommer til sine egne på valgvake i Lillesand

– Det er heilt uverkeleg når ein tenkjer på kva vi har vore gjennom med tanke på eigedomsskatten og vi har mista to av partimedlemmene som gjekk ut og danna Pensjonistpartiet, seier Thomassen til NRK.no.

Partiet går fram 3,4 prosent frå førre val og oppnår med det heile 47,6 prosent av stemmene. Dermed står partiet med 13 representantar i kommunestyret, som i førre periode.

Tapte i Høvåg

Likevel ser han forbetringspotensial.

– I sentrumskretsen hadde vi over 50 prosent. Vi tapte i Høvåg. Der står KrF veldig sterkt tradisjonelt. Det var der vi tapte fleirtalet. Der har vi verkeleg eit forbetringspotensial, gliser Thomassen.

NRKs valekspert Dag Ingvar Jacobsen hyllar Lillesand-ordføraren.

Ap går fram

– Førre gang kalla eg han for presidenten. Denne gangen vil eg nesten kalle han «solkongen», ler Jacobsen.

Arbeiderpartiet gjer også eit godt val i Lillesand, og går fram 2,9 prosent frå førre val. Dermed ligg dei an til å få endå ein representant i kommunestyret.

Mandat i kommunestyret i Lillesand (oppgang/nedgang i parentes): Ap 4 (+1), Sv 1 (-1), Sp 1 (0), KrF 2 (-1), V 2 (0), H 13 (0), Frp 2 (-2), Andre 1 (+1)

Video Thomassen med kjempeval

VIDEO: Sjå Arne Thomassen kommentere kjempevalet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %