800 meter-løparen kom i mål til tida 1.49,72 og vart nummer tre i konkurransen.
For tre veker sidan sjokkerte han friidretts-Norge då han kvalifiserte seg til junior-NM med tida 1.48,65. Tida er betre enn olympiameister Vebjørn Rodal si bestenotering då han var 17 år gammal.
- LES: Løper seg i EM-form
I vinter slo Mushom heile noregseliten under NM innandørs. Lyngdølen tok gull på tida 1.53,7.
No er det junior-EM i Tallin om to veker som står på konkurranseplanen.
– Det er det som er det store målet i år, i tillegg til NM, seier Mushom.