Hopp til innhold

Dødballar felte Start

Eit passivt Start-forsvar klarte ikkje å stoppe André Muri som scora to mål på dødball. Midstopparen fekk gå opp heilt umarkert på to hjørnespark og gav Vålerenga sigeren.

Etter ein tam start på kampen var det heimelaget som kom til kampens første sjanse. Veteranen Ole Martin Årst kom aleine gjennom, men vart i siste liten stoppa av handa til Stefan Strandberg. Dommar Espen Berntsen vinka vekk protestane peika på hjørneflagget.

På den påfølgjande hjørnesparket gjekk ballen over heile feltet. På bakerste stod Vålerenga-spelaren Freddy dos Santos som truleg prøvde å nikke ballen inn til eigen keeper. Ballen gjekk forbi Hirschfeld, men Stefan Strandberg fekk beina ballen vekk på streken.

Muri best i lufta

Det var Vålerenga som først skulle få «hol på byllen». På eit hjørnespark knuste André Muri danske Brian Priske i lufta. Start-keeper Kenneth Høie var sjanselaus og det stod 1-0 til Vålerenga på Sør Arena.

Etter 37 minutt var Start særs nær ei utlikning. Espen Hoff kom gjennom heilt aleine på høgrekanten. Vålerenga-keeper Lars Hirschfeld storma ut. Espen Hoff fekk ballen forbi VIF-keeperen, men ein Vålerenga-forsvarar kasta seg fram og fekk stoppa ballen før den trilla over mållinja.

Laga gjekk til pause med 0-1 til Vålerenga, til pipekonsert hos heimepublikummet.

Start - Vålerenga 2011

VIF-JUBEL: Vålerenga-benken jublar for 1-0 scoringa til André Muri.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Start-press

I andre omgang var det Vålerenga som kom til den første store sjansen. Luton Shelton snappa ballen frå Start-forsvaret og spelte ballen inn til Håvard Nielsen framfor mål. Ungguten si avslutning enda i nettveggen.

Fem minutt seinare klinka Ole Martin Årst til på halvspretten frå 10 meter. Men Vålerenga-keeper Lars Hirschfeld var raskt nede og fekk avverga situasjonen.

Kort tid etter var Ernest Asante frampå for heimelaget. Men også i denne situasjonen klarte Hirschfeld å slå ballen vekk.

I det 67. minutt klinka Fredrik Strømstad til frå 15 meter. Skotet gjekk stolpe ut. Start jakta for alvor utlikninga heime på Sør Arena. Men i staden var det bortelaget som fekk utteljing.

Start - Vålerenga 2011

KONGEN I LUFTA: André Muri scorar dagens andre og sikra tre viktige poeng for Vålerenga.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Ny forsvarsglipp

Kvarteret før full tid fekk Vålerenga hjørnespark. Igjen fekk André Muri stå heilt aleine inne i feltet. Midstopparen heada inn 2-0 til bortelaget i lengste hjørne.

Ti minutt før full tid fekk Espen Børufsen ein kjempesjanse til å redusere. Årst nikka ballen til Børufsen som klinka til på volley. Men ein særs god Lars Hirschfeld var med på notane og fekk ballen vekk frå mål. Vålerenga vann dermed 2-0 på Sør Arena.

Oslo-klubben klatra dermed opp på 6. plass på tabellen. Start kan hamne under nedrykksstreken dersom Vikting slår Rosenborg seinare søndag kveld.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %