– Det er synd at påska kjem så seint som den gjer, men det er dessverre lite vi kan gjere med det, seier marknadskoordinator i Hemsedal, Anne Lise Dokken til NRK.no.
Ho fortel at det er 15-20 prosent færre bestillingar frå onsdag til søndag i påskeveka, samanlikna med i fjor.
– Påska er jo normalt ei god inntektsveke for oss, men det ser ut til å bli litt dårlegare i år, seier ho.
Trege til å bestille
Også på Hafjell merkar dei at påska kjem tett inn på mai månad.
– Vi ligg 10-15 prosent bak tidlegare år når det gjeld bestillingar på overnatting, seier dagleg leiar i Hafjell Hotel & Apartments, Anders Hærdig.
– Samstundes merkar vi jo at folk er tregare til å bestille. Så vi håpar jo at bestillingane vil komme. Men vi vil nok komme litt bak tidlegare år uansett. Pågangen har ikkje vore så stor som før, seier han.
Hovden skisenter opplever det same som dei andre vinterstadene i landet. Nemleg få bestillingar før påske.
Båtpuss
– Det har jo vore snø langs kysten sidan tidleg november. Så eg trur nok folk er klar for båtpuss og litt andre ting enn å gå på ski, seier Elin Monsen ved Hovden Høyfjellssenter.
- LES OGSÅ: Her er det ledige rom i påsken
På Oppdal er tendensen den same. Mange senger står ledig i påskeveka.
– Når påska kjem så seint konkurrerer vi mot sykkel og båtliv. For oss hadde det vore best om påska kom litt tidlegare, seier pressekontakt ved Oppdal skisenter, Tore Meirik til NRK.no.
– Det er litt synd for akkurat på denne tida vi er inne i no, er det jo fantastiske skiforhold mange stader i landet. Vi har lågare forventningar til påska i år enn tidlegare fordi den kjem så seint, seier han.
Ledige senger
På Narviksfjellet har dei ikkje totaloversikt over kor mange senger som er fylt, men også der ser det ut til å vere mange senger ledige.
– Den seine påska har nok heilt klart innverknad på antal gjester, seier dagleg leiar ved Narviksfjellet, Ronny Kjelland.
- LES OGSÅ: Sein påske kan gi feilskodde biler
– Men vi håpar at folk finn fram skia sjølv om den kjem heilt inn mot mai, seier han.