Det viser ferske tal frå fylkesmannen i Vest-Agder.
Totalt vart det sleppt ut 22 104 lam på beite i Vest-Agder. 8,4 prosent av lamma kom ikkje heim frå sommarbeite, noko som tilsvarar 1857 lam.
- LES OGSÅ: Ulv skutt i Lyngdal
- LES OGSÅ: Ulven forsynte seg godt
Større tap i 2010
Totalt 13 813 sauer var sleppt på beite. 746 sauer er meldt tapt, ifølgje fylkesmannen.
Dersom ein samanliknar fjorårets tal med 2009, er det meldt inn større tap i 2010. I 2010 vart det meldt inn under 7 prosent tap av lam, medan det vart meldt inn under fire prosent tapte sauer.
Ulven herja
– Tapsårsakene kan vere mange både kjende og ukjende. I år er det dokumentert større tap på grunn av ulv i Årseral, men også generelt er tapa i beitelaga høgare enn i fjor, heiter det på fylkesmannen sine nettsider.
- LES OGSÅ: Såg ulven rett i auga
– Ander årsaker til tap kan vere rev, gaupe, flått, flugemakk, giftige plantar og drukning i bekkar og myrhol, står det vidare.