Hopp til innhold

Såg ulven rett i auga frå 50 meter

Odd Daniel Krossen var ute på køyretur i Froland då han såg ulven rett i auga.

Ulv drept dyr

ULV: Det er gjort nye observasjonar av ulv på Sørlandet. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Løchen, Per / SCANPIX

– Eg såg noko som passerte rundt 100 meter frå bilen. Først tenkte eg at det var ein rev, men så stoppa eg. Då såg eg tydeleg at det var ein ulv som stod 50-60 meter frå vegen, seier Krossen.

– Det var litt fascinerande meg ein gang. Han stod å rista av seg snø, før han vrei hovudet tilbake mot meg. Vi stod vel og såg på kvarandre i eit par minutt. Så tusla han vidare, fortel han.

– Eg har jo aldri sett ulv tidlegare. Ikkje ein gang i Dyreparken. Litt adrenalin vart det, seier han.

– Kan aldri vere sikker

Statens naturoppsyn har undersøkt spora tysdag. I tillegg har dei undersøkt ein ny observansjon i går. Dei er rimeleg sikre på at det er snakk om ulv.

– Storleiken på spora, skirttlengda, kor djupt spora går i snøen og korleis spora går i terrenget tyder på at det er snakk om ulv, seier rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, John Erling Skåtan til NRK.no.

Det er så langt ikkje meldt om skadde dyr.

– Dersom nokon finn noko slikt er vi interessert, seier Skåtan.

– Er de sikre på at dette er ulv?

– Sikre kan ein aldri vere for ein har hund som ei forveksling, men dette var i skogen og spora forsvann inn i heia. Det gjer normalt ikkje ein hund, seier han.

Skaut ulv i Lyngdal

I desember vart ein ulv skoten i Lyngdal. Eit jaktlag på 35 man skaut ulven ved Opsal. DNA-prøver frå fleire kadaver viste at det var den same ulven som hadde drepe minst 80 sauer gjennom sommaren og hausten.

– Dette er dyr som går langt. Vi har ikkje moglegheti til å halde oversikt over dyra til ei kvar tid, seier Skåtan.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %