Hopp til innhold

Agder-politiet har minst tillit

Ingen har så liten tillit til politiet som i Agder og Østfinnmark politidistrikt. Det viser politiet si nasjonale innbyggjarundersøkjing. Tala er nedslåande for Agder-politiet.

Kirsten Lindeberg

NEDERST: Politimeister Kirsten Lindeberg og Agder-politiet har liten tillit blant innbyggjarane samanlikna med andre politidistrikt i landet.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

I undersøkjinga kjem Agder-politiet heilt på botnen av alle politidistrikta når det gjeld tillit. 78 prosent svarar at dei har ganske stor, eller særs stor tillit til politiet i Agder. Faktisk hadde folk større tillit til politiet i fjor med 80 prosent.

Østfinnmark politdistrikt deler sisteplassen med Agder. På topp ligg Nord Trøndelag politidistrikt med 92 prosent.

Politimeisteren skryt over gode tal

Også når det gjeld evna til å skape tryggleik ligg Agder-politiet nest sist med 84 prosent. Berre Østfinnmark politidistrikt ligg under på statistikken.

Når det gjeld informasjon scorar Agder-politiet elendig i forhold til dei andre politidistrikta. Kun 57 prosent meiner at Agder-politiet er gode til å informere. Berre Østfold og Vestoppland politidsitrikt ligg bak på statistikken.

I eit pressemelding Agder politidistrikt har sendt ut skryt dei av at folk opplever at Agder-politiet er meir tilstades enn tidlegare. Det er riktig at pila peikar rett veg frå 41 prosent i 2009 til 49 prosent i år, men også der ligg Agder-politiet på botnen dersom ein samanliknar med andre politidistrikt.

Dårlege på ro og orden

Når det gjeld folk sitt inntrykk når det gjeld politiet sin innsats forl å skape ro og orden kjem Agder-politiet langt nede på lista. Berre Sunnmøre og Telemark politidistrikt er dårlegare. 73 prosent meiner Agder-politiet gjer ein god jobb når det gjeld å halde ro og orden.

Når det gjeld etterforsking av kriminalitet som tjuveri, innbrot og hærverk ligg Agder-politiet nest sist på lista. Berre 40 prosent meiner politiet i Agder-fylka er gode på dette.

Oslo politidistrikt ligg sist med 33 prosent, medan Midtre Hålogaland politidistrikt toppar med 62 prosent.

Folk sitt inntrykk av Agder-politiet 2010

Område

2010

2009

2008

Tillit

78

80

72

Tryggleik

84

80

84

Informasjon

57

54

56

Tilstedeværelse

49

41

38

Trafikk

78

78

72

Narkotika

54

60

56

Førebyggjing

50

49

48

Ro og orden

73

71

61

Tjuveri, innbrot og hærverk

40

39

33

Ran, vald og seksuelle lovbrot 

57 

54 

53 

Organisert kriminalitet

56

49

60

Krisehandtering og ulykker

81

78

75

Tilgjengelege ved akutt behov for hjelp

50

49

45

* Prosentandel positive svar

Ekspander/minimer faktaboks

Liten tillit til ransetterforsking

Sørlandet toppar ransstatistikken i landet. Når det gjeld etterforsking i slike saker er berre 57 prosent av egdene nøgde med etterforskinga. Agder deler sisteplassen med Gudbrandsdal politidistrikt.

Også når det gjeld tilgjengelegheit ved akutt behov for hjelp scorar Agder-politiet særs dårleg. Berre halvparten meiner politiet i Agder er gode på dette området. Berre to politidistrikt ligg under på den nasjonale statistikken.

Trass i nedslåande tal er politimeisteren særs positiv i pressemeldinga frå Agder-politiet.

Har utfordringar

– Vi har klart å gjere ein del prioriteringar som er i tråd med folk sine verdinormer. Skal vi vere gode på det publikum meiner er viktig, så må vi ut ifrå ressurssituasjonen redusere ambisjonane på andre område, seier ho.

Men samstundes vedgår Lindeberg at politiet har utfordringar på Agder.

– Vi har endå ein lang veg å gå i forhold til å løfte oss til eit nivå vi er nøgde med i nasjonal målestokk, men vi er på rett veg. Vi vil bruke innbyggjarundersøkjinga som eit viktig innspel i våre framtidige prioriteringar, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %