Hopp til innhold

– Send innbrotstjuvane ut av landet

Det er registrert over 60 innbrot i privatbustader den siste veka på Sørlandet. Ordføraren i Arendal vil ha det som truleg er austeuropeiske vinningskriminelle ut av landet.

Torill Rolstad Larsen

KRITISK: Torill Rolstad Larsen meiner det er trist at innbyggjarane på Sørlandet skal føle seg utrygge etter ei rekkje innbrot den siste tida.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Dette tykkjer eg er nokså håplaust. Når folk vert skremde av at folk ringjer på dører, bankar på vindauge og tiggar, er det ein veldig unormal situasjon. Iallefall når det er veldig mykje innbrot, seier ordførar i Arendal, Torill Rolstad Larsen til NRK.no.

60 innbrot

Situasjonen på Sørlandet er kritisk. Kun ein er arrestert etter over 60 innbrot på kun ei veke.

Folk blir redde når dei får besøk av stumme og døve dørseljarar som kan ha tilknyting til innbrotsbølgja og ringjer til politiet.

Onsdag vart det meldt om innbrot både i Arendal og Lillsand. I tillegg vart det rapportert nye episodar med angiveleg stumme og døve dørseljarar.

Men politiet kan ikkje gjere anna enn å ta dørseljarane med til politistasjonen å registrere dei.

Politiet får eit ubegrensa tal telefonar frå redde sørlendingar.

– Må få tak i dei

– Vi har fått telefonar frå Søgne, Greipstad, Kristiansand, Tveit, Lillesand og seinast tre frå Arendal, seier operasjonaleiar Ove Austenå i Agder politisitrikt.

Men politiet kan ikkje gjere anna enn å ta dørseljarane med til politistasjonen og registrere dei.

– Vi reknar med at dei ikkje har opphaldsløyve. Vi må på eitt eller anna vis får tak i dei. Så må dei på eitt eller anna vis bli sendt tilbake der dei kjem ifrå, seier Rolstad Larsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %