Hopp til innhold

Donn-tap mot Røa

Donn gjekk på sitt tiande tap i Toppserien då laget tapte 2-5 på heimebane mot Røa. No startar jobben for å redde klubben frå konkurs.

Gro Ingvardsen, Donn

VANSKELEG: Donn-kaptein Gro Ingvardsen vil kjempe for klubben sin. Larudag tapte klubben mot Røa.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi får billege mål imot oss, og det vert mykje ein og ein. Vi spelar ikkje som eit lag, seier Donn-kaptein Gro Ingvardsen til NRK.no.

Stine Andreassen sende Røa i leiinga etter 21 minutt på Kristiansand stadion. Men berre fem minutt seinare utlikna Lana Bowen.

Kalddusj

– Vi slo tilbake, men fekk ein kalddusj kort tid etter. Dei fekk gå opp til 2-1 alt for enkelt, seier Ingvardsen om Siri Nordby si 2-1 scoring.

LES OGS: Donn kan bli degradert

Etter pause heldt Røa-jentene fram med å produsere sjansar. Donn vart springane imellom. Etter 53 minuttar spel sende Marthe Braavold Johansen Røa opp i 3-1, før Elise Thorsnes punkterte kampen til 4-1 få minutt seinare.

Halvtimen før slutt gjekk Røa opp til 5-1 etter eit sjølvmå, før Elyse Shelger reduserte for Donn til 2-5. Men for Donn-laget er det langt alvorlegare ting som er tema om dagen.

– Dette skal vi snu

I går vart det klart at Nils Christiansen trekk seg som dagleg leiar og assistenttrenar. Klubben slit stort med økonomien og må ha eit sekssiffra beløp innan årsskiftet.

– Vi skal klare å snu dette saman. Vi må blø for drakta, blø for kvarandre og for dei som trur på oss. No må vi verkeleg brette opp ermane, seier Ingvardsen.

LES OGSÅ: – Klubber vil gå konkurs

Måndag skal spelarane i eit møte med styret for å diskutere framtida. Der skal laget komme fram med idear om korleis dei skal kunne få inn pengar.

Skal jobbe dugnad

– Vi tenkjer dugnad, dugnad og dugnad. Vi skal gjere alt vi kan for å få inn pengar, og det er alle innstilt på. Vi skal kjempe for klubben for, seier Ingvardsen.

Laget ligg på 9. plass med 17 poeng. Sjå tabellen her.

Neste kamp for Donn er borte mot Kolbotn.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %