Hopp til innhold

Blodraude tal for Agder Teater

Agder Teater hadde over 13 000 færre besøkjande i 2009 samanlikna med året før. Det gjer at rekneskapstala er blodraude.

Agder Teater i Kristiansand

UNDERSKOT: Rekneskapet for 2009 viser underskot for Agder Teater, og det trass i at dei statlege overføringane auka med 1,5 million kroner. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Årsberetninga for fjoråret viser eit underskot på over 260 000 kroner, og det trass i at teateret fekk over 1,5 millionar kroner meir i statleg støtte i 2009 enn året før.

LES OGSÅ: Fred om Agder Teater
LES OGSÅ: Stolte av Agder Teater

Auka statleg støtte

Beretninga viser nemleg at Agder Teater mottok 16,1 million kroner i statleg støtte i 2008. Då gjekk teateret over 1,4 millionar kroner i minus.

Trass i at dei statlege overføringane auka med 1,5 million i fjor, kroner klarte ikkje Agder Teater å gå i pluss.

Mykje av grunnen til det er ein enorm publikumssvikt. Årsrekneskapet viser at billett- og programsalet er redusert frå 4,2 millionar til 1,5 million kroner frå 2008 til 2009. Teateret hadde over 13 000 færre besøkjande i fjor enn året før.

LES OGSÅ: Vil ut av Agder Teater
LES OGSÅ: Storsatsning på Spelemann på taket

– Agder Teater er stolt over å ha hatt tre urpremierer i 2009, skriv styreleiar Anne Halvorsen i årsberetninga for 2009.

Vil ha meir pengestøtte

– Det har vore jobba hardt for å tilpasse aktiviteten til den økonomiske ramma. Samstundes har vi vore opptekne av å oppretthalde den kunstnariske verksemda på eit høgt nivå, heiter det i årsberetninga for 2009.

Trass i at Agder Teater mottok 1,5 million kroner meir i statleg støtte i fjor enn året før, er ikkje det nok, ifølgje styreleiaren.

LES OGSÅ: Ny sjef for teateret

– Ambisjonane til Agder Teater er å lage profesjonelt teater gjennom fleire produksjonar enn i det omfanget teateret maktar anno 2009. Det krev fleire ressursar, fleire ressursar enn teateret får tildelt i dag, skriv styreleiaren.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %