Hopp til innhold

18-åring skal segle jorda rundt

18 år gamle Markus Ingebretsen er ikkje som ungdommar flest. Han skal ut på ei jordomsegling med kurs for både Antarktis og Grønland.

Markus Ingebretsen

UT PÅ TUR: Markus Ingebretsen frå Kristiansand skal tilbringe fire år i seglbåten sin.

Foto: Eirik Damsgaard/NRK / NRK

– Alt frå dei ubebudde øyene i Stillehavet til isbjørnar, pingvinar og isfjell. Eg kjem til å oppleve ting ein ikkje ser her i Kristiansand iallefall, seier Markus Ingebretsen til NRK.

Opplevingstur

Han har mykje i vente. 18-åringen er i ferd med å førebu ein tur som varer i fire år. Turen startar sørover i sommar. No søkjer han etter fire personar som skal vere med på turen.

– Eg håpar å få med meg dei som elles ikkje ville hatt råd til ein slik tur. Gjerne studentar og folk som vil oppleve ting ein vanlegvis ikkje får oppleve. Folk som er klare for eventyr og som ikkje må leve i lukses, men heller vil leve i luksus med tanke på opplevingane ein får. Oppfatninga mi er at jo eldre ein blir, jo høgare vert krava til luksus, seier han.

Markus Ingebretsen

VIL HA SELSKAP: Markus Ingebretsen skal ha med seg fire personar på seglinga.

Foto: Eirik Damsgaard/NRK / Foto: Eirik Damsgaard/NRK

Kvite strender

18-åringen må sjølv velje ut kven som skal vere med på den fire år lange turen.

– Eg må sjå kven som brenn for det, og som verkeleg har lyst til dette. Eg tek med dei som verkar som hyggjelege folk, seier han.

– Vi vil oppleve alt ifrå kvite strender i Stillehavet til Grønland og Antarktis, seier han.

Den lengste turen seglentusiasten har så langt er Kristiansand-Hirtshals.

 Markus Ingebretsen

SEGLENTUSIAST: 18-åringen startar turen sørover til sommaren.

Foto: Damsgaard, Eirik / Eirik Damsgaard/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %