– Det er litt rart eigentleg. Samstundes gler eg med. Men med nokre og tjue år på toppnivå har kroppen godt av å kvile litt, seier Preben Vildalen til NRK.
Dermed går ei stor handballkarriere mot slutten. Vildalen kan sjå tilbake på heile 201 kampar med det norske flagget på brystet. Han scora 312 landslagsmål sidan landslagsdebuten mot Romania i 1994. Han spelte sin siste landskamp i 2007 i det som vart tap mot Danmark.
– Må spele korta riktig
Vildalen har vore på bana i samtlege kampar i eliteserien i år, og har scora 72 mål for arendalsklubben. Sjølv om kveldens kamp blir hans siste i Nedeneshallen, betyr ikkje det slutten for hans engasjement i ØIF Arendal.
– Eg skal framlei bu i Arendal og er med i styret i klubben, så eg kjem til å jobbe kvar dag for at ØIF Arendal skal bli levande i norsk handball. Det trur eg vi har gode moglegheiter til, dersom vi spelar korta våre riktig, seier Vildalen.
Arendalsklubben treng eitt poeng på dei to siste kampane for å sikre plass i sluttspelet. På bortebane mot Haslum i februar vann arendalittane 29-26.
Treng eitt poeng
– Vi har eit forsterka lag i forhold til når vi slo dei sist. Dei har eit godt lag, så det vert nok jamt igjen. Men vi har ei moglegheit, og skulle vi klare det har vi uansett gjort ein fenomenal fin debutsesong i eliteserien. Men det vil verkeleg spisse det og det vil gje oss ein god følelse før vi eventuelt går inn i eit sluttspel, seier trenar i ØIF Arendal, Leif Gautestad.
ØIF Arendal har kun tapt tre av dei siste ni kampane. Laget er kun eitt poeng bak fjerdeplassen på tabellen i debutsesongen i eliteserien. No håpar Gautestad på godt publikumsoppmøte i sesongens siste heimekamp.
– Eg håpar mange har lyst til å komme å hylle dei og vere med på å bære oss fram til siger. Vi treng støtte, seier Gautestad.