Hopp til innhold

Forskar på vektauke i svangerskapet

Sørlandet sykehus skal forske på tunge babyar og vektauke i svangerskap.

Ultralydundersøkelse

FORSKINGSPROSJEKT: Ei forskingsgruppe skal forske på vekt for møde

Foto: NTB/arkiv

– Vi har vore interessert og uroa for dette med høge fødselsvekter og stor auke i svangerskapet. Faktisk er det veldig lite som er gjort for å endre på dette på verdsbasis, seier gynekolog og stipendiat Linda reme Sagedal til NRK.

– Det fins nokre få studier der folk har prøvd å komme med livsstilspakkar og endringar som kan hjelpe kvinner å leve sunt i svangerskapet for å sjå om det har effekt, men det er få slike studier, legg ho til.

No er 20 kvinner med i prosjektet. I april då prosjektet er i gang for fullt vil tilsaman 600 kvinner delta i prosjektet.

Heng etter USA og England

– Når ein ser på fødselsvekt ser vi at det var ei stigande kurve ein periode, men så har det snudd og trenden har gått tilbake. Gjennomsnittsfødselsvekta i dag er den same som rundt 1990. Men vi har fått fleire keisersnitt, noko som betyr at barnet ofte er forløst tidlegare, så det treng ikkje bety at barnet har mindre feitt på kroppen, eller at dei er like sunne og sporty som for 10-20 år sidan, seier ho.

– Er det eit problem i Noreg at mor og barn blir tyngre?

– Heldigvis heng vi etter når det gjeld fedme i svangerskap i forhold til USA og England. Men det er mykje forsking som viser at det å leggje på seg mykje i svangerskap er forbunde med problem. Du har større fare for å få keisersnitt, meir komplisert fødsel og det er heller ikkje sunt for babyen å bli for stor, seier ho.

Får tilrettelagt opplegg

– Det ser ut til at det å bli fødd stor, er forbunde med auka fare for at babyen blir tjukk seinare i livet, eller problem med til dømes diabetes, seier Sagedal.

Forskingsprosjektet er lagt opp slik at halvparten av kvinnene vil få heilt vanleg svangerskapsomsorg, medan den andre halvparten får oppfølgjing av ernæringsfysiolog og eit tilrettelagt treningsopplegg to gonger i veka resten av svangerskapet.

– Dette er eit tilbod for dei som startar svangerskapet med normalvekt, og dei som startar overvektig eller endå meir, seier ho.

– Skal alle gravide ha dårleg samvit dersom ein ikkje trenar?

– Nei, men eg trur alle nordmenne skal ha litt dårleg samvit. Helsedirektoratet har gitt råd om at vi alle skal trene ein halvtime fem til sju gonger i veka. Det gjeld både meg og deg, og gravide, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %