– Kampen er jamn heilt til siste sekund. Både vi og Gjøvik og Vardal har ballen på 19-19. Vi får til slutt ei kontring og Ingunn Birkeland scorar då det gjenstår to sekund av kampen, seier Vipers Kristiansand-trenar Peder Langfeldt til NRK.
Spesielt var hovudtrenaren imponert over andre omgang.
– Rufsete
– Det var ein rufsete første omgang der vi ikkje var så bra som vi pleier defensivt. I andre omgang tek vi tak i det og slepp kun inn fem mål, noko som er strålande. Men vi brenner for mykje framover.
Med kveldens siger står laget med ni poeng, og har kontakt med laga føre. No er det to veker til neste kamp, som er borte mot Njård. Før førre serierunde
.Trur på fleire poeng
– Vi kjem når vi jobbar hardt. No må vi berre tenke på neste kamp, som vi skal gjere alt for å vinne. Eg er overbevisst om at dersom vi trenar og jobbar slik som no vil vi få mange poeng framover, seier Langfeldt.
– Eg tenkjer kun på at vi skal vinne neste kamp, det er hovudfokus, seier han.
Christin H. Daland vart toppscorar for Vipers med fem mål.