Hopp til innhold

Krev 18 månader fengsel mot lege

Aktor krev 18 månaders fengsel for mann mot sex-tiltalt Lyngdal-lege.

Legen er tiltalt for å ha misbrukt stillinga si for å skaffe seg seksuell omgang med to kvinnelege pasientar. I tillegg vart det lagt ned påstand om at legen skal miste retten til å praktisere som lege i all framtid, skriv Farsunds Avis.

– Absurd

Mannen praktiserer ikkje som lege i dag, etter at han mista legelisensen tidlegare i år . Han har gjennom heile rettssaka hevda at han er uskuldig, og har beskrive skuldingane mot han som «absurde», i følgje avisa. Legen sin advokat, Ben Fegran, ba retten om å frifinne mannen.

Sommaren 2007 skal legen ifølgje påtalemyndigheitene ha forgripe seg på ein kvinneleg pasient på kontoret hans. Kvinna skal ha forklart at ho fekk sprøyter som verka lammande. Legen hevdar at årsaka til kvinna sine skuldingar var at ho hadde fått seksuelle fantasiar som følgje av bivirkningar av kombinasjonen av fleire medikament.

Mannen viste til internasjonal forsking i ei rekkje land som beviser at dette er mogleg. Kvinna forklarte også i retten at ho av ein tredjeperson skal ha fått tilbod om pengar for å ikkje gå til politiet med saka.

Gav bort medisinar - fekk sex

Hausten 2007 skal mannen gjentekne gonger ha forgripe seg seksuelt på ei anna kvinne. Ifølgje kvinna skal overgrepa ha føregått i eit bustadhus som legen disponerte, på legekontoret og på rådhuset i Lyngdal der legen jobba på helsestasjonen enkelte dagar, og ved legevakta på sjukehuset i Flekkefjord.

I samband med fleire av overgrepa skal kvinna ha fått vandedannane medisinar. Påtalemakta meiner dei kan bevise at legen gav bort medisinar og fekk sex av kvinna. Legen skal ha spandert både drosje, mat, hårklipp og sprit til kvinna. Ifølgje avisa skal legen ha karakterisert det heile som såkalla eksponeringsterapi og veldedighet. Han hevda i retten at han kun hadde eit profesjonelt forhold til sine kvinnelege pasientar.

Dom i romjula

Legen er i tillegg tiltalt for uforsvarleg oppbevaring av større mengde legemiddel både på legekontoret, i bilen og heime. Han nekta straffskuld også for desse forholda.

Truleg vil dommen falle i løpet av romjula.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %