11.02.2012

Har kartlagt 20 skipsvrak

Skipsvrak i Skagerak (Foto: Forsvarets forskningsinstitutt)

U-båten Hugin har funne opp mot 40 slike skipsvrak frå andre verdskrig i Skagerak.

Foto: Forsvarets forskningsinstitutt

Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) har kartlagt omlag 20 tyske og allierte skipsvrak i Skagerrak.

Sennepsgass

  • Diklorisetylsulfid
  • Væske med kokepunkt 218 °C
  • Fordampar langsomt og held seg lenge der den er sprøyta ut
  • Hudetsande stridsgass som angrip auge og andedrettsorgan

Kjelde: caplex.no

Det er den sjølvstyrte u-båten Hugin som har kartlagt fleire titals skipsvrak frå andre verdskrig. Vraka er fylt med sennepsgass og andre stridsmiddel og vart senka etter andre verdskrig. Nå veit Kystverket nøyaktig kor 20 av skipa ligg. '

LES OGSÅ: Forskere kartlegger sennepsgass
LES OGSÅ: Sennepsgass skal undersøkes på nytt

U-båten Hugin kan kartleggje havdjupne ned til 3000 meter, og er utstyrt med ein sidesøkjande sonar som kan «sjå» over to hundre meter til kvar side, ifølgje Forsvarets forskningsinstitutt.

LES OGSÅ: Frykter giftgass-fiske
LES OGSÅ: Informerte ikke om giftvrak

Hugin har vorte brukt til kartleggjing på havbotnen sidan 1997.

Kystverket har tidlegare fått kritikk for manglande kartleggjing av skipsvrak frå krigen. Mange av vraka inneheld sennepsgass. Kartleggjinga skulle eigentleg starte i 2007.

Sjå korleis u-båten Hugin fann fram til skipsvraka.

(Forsvaret forskningsinstitutt)
Banner valgresultat 2011 468x110

Siste: Sørlandet

Se TV-sendingene
Høstradio, NRK Sørlandet
Klassequiz promo
Opplev Agder
SørlandsScenen

Siste riksnyheter

SISTE SPORTSNYHETER

Siste: Sørlandet