Hopp til innhold

Spektakulær ferje til Kristiansand

Thy Ferries står bak en spektakulær "ubåtferje", som blant annet vil inneholde minibadeland og spa-avdeling. Nesten heile båten vil liggje under vatn, og vil gå på strekninga Kristiansand-Hanstholm.

Ubåtferge

Slik er den såkalla 'ubåtferja' tenkt sjåande ut. Legg merke til kor mykje glas båten vil bestå av.

Foto: Aker Yards

Svein Olaf Olsen

Svein Olaf Olsen

Foto: Odd Rømteland / NRK

- Det blir mykje glas, og ei betydeleg oppleving å sitje tjue meter under vassflata, og segle over til Hanstholm og sjå på det som måtte vere av liv i havet.

Det seier Svein Olaf Olsen i Thy Ferries til NRK.

Spesiell

Den nye ferja vil bli heilt spesiell samanlikna med ferjene vi er vande med i dag.

- Mesteparten av skipet ligg under vatn. Det får ein heilt spesiell fasong, noko som betyr at du får mykje meir stabilitet i skipet, slik at det blir mindre utsett for bølgjer, seier han.

Med ein kostnad på kring 400 millionar kroner har Thy Ferries snart finansieringa i boks. Fleire investorar er interesserte, og også Innovasjon Norge vil bidra.

Konkurranse

- Vi treng konkurrentar til Color Line, og det at det får ein ekstra dimensjon gjennom at det blir ein attraksjon i seg sjølv er verkeleg noko landsdelen treng, seier assisterande direktør Anne Britt Bjørdal i Innovasjon Norge.

Aker Yards i Finland skal byggje ferja, som blant anna skal ha plass til 1200 passasjerar, eit minibadeland og eiga spa-avdeling. Olsen går langt i å love billege billettar.

- Thy Ferries er eit billegselskap, og vil halde billettprisane så låge som mogleg, seier Olsen

Kva trur du om den nye ferja? Sei di meining.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 07 0,63 kr
Dyrest kl. 22 1,5 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %