Hopp til innhold

Hulsker sørga for uavgjort

Christian Bolanos scora to i eliteseriedebuten, men det var ikkje nok til å hente heim sigeren til Sørlandet.

Bernt Hulsker headar inn 3-3 mot Strømsgodset

Bernt Hulsker headar inn 3-3 og sikrar eitt poeng borte mot Strømsgodset.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Start tok kommandoen frå start på bortebane mot Strømsgodset. Allereie etter åtte minutt vart Ole Martin Årst lagt ned av Crister George. Debutant i eliteserien Christian Bolanos fekk stjernetreff og klinka ballen i mål via tverrleggjaren.

LES OGSÅ: No brakar det laust

Kjempesjanse

Glenn Andersen og Ole Martin Årst

TØFT: Sørlendingen og Godset-spelar Glenn Andersen i duell med Ole Martin Årst.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Start var det førande laget også etter scoringa, men klarte aldri å komme til dei heilt store sjansane. Defensivt var Start gode, og slepte heimelaget sjeldan innanfor 16-meteren.

GALLERI: Kampen i bilete

Få minutt før kvilen fekk heimelaget sin største sjanse til å sikre utlikning. Men frå sju meter klarte Fredrik Nordkvelle utruleg nok å heade ballen til side for mål. Det var og det næraste Strømsgodset kom før dommar Tom Henning Øvrebø bles av til pause.

Ville ha straffe

Christer Kleiven og Kim Andre Madsen

DUELL: Christer Kleiven tapar duellen mot Kim Andre Madsen.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Andre omgang starta med ein omdiskutert situasjon der heimpublikummet ropte på straffe. Ungguten Marcus Pedersen var gjennom, men vart takla av ein Start-spelar akkurat i det han skulle til å skyte, men Øvrebø vinka spelet vidare.

LES OGSÅ: Tørum vurderer Start-laget

Strømsgodset heldt fram presset, og fekk utteljing etter 59 minutt då sørlendingen Glenn Andersen utlikna for heimelaget. Men det skulle berre gå to minutt før Start slo tilbake. Og på nytt var det Christian Bolanos som scora for gultrøyene.

Utlikna

Men ti minutt seinare var det stortalentet Marcus Pedersen sin tur. Spissen sørga for 2-2 og stor spenning dei siste 20 minutta av kampen. Tre minutt før full tid var same Pedersen på plass igjen og sikra 3-2 til Strømsgodset.

LES OGSÅ: Kampfakta 1. runde eliteserien

Start gav aldri opp og kjempa til siste slutt. Innbyttar Bernt Hulsker heada inn 3-3 og uavgjort tre minutt på overtid.

Kampfakta

Strømsgodset - Start 3-3 (0-1)
Marienlyst stadion, 5006 tilskodarar

0-1 Christian Bolanos (8)
1-1 Glenn Andersen (59)
1-2 Christian Bolanos (61)
2-2 Marcus Pedersen (71)
3-2 Marcus Pedersen (87)
3-3 Bernt Hulsker (90)

Gult kort: Ole Martin Årst, Christian Bolanos
Dommar: Tom Henning Øvrebø

Strømsgodset (4-3-3): Adam Larsen - Alexander Aas, Glenn Andersen, Kim Andre Madsen (Stian Ohr inn 70.), Joel Riddez - Fredrik Winsnes, Fredrik Nordkvelle (Alfred Sankoh inn 46.), Christer George - Steffen Nystrøm (Samir Fazlagic inn 89.), Øyvind Storflor, Marcus Pedersen

Start (4-4-1-1): Kenneth Høie - Hunter Freeman, Clarence Goodson, Knut Henry Haraldsen, Branislav Milicevic - Christian Bolanos, Christer Kleiven, Solomon Owello, Espen Børufsen (Morten Hæstad inn 61.)- Geir Ludvig Fevang - Ole Martin Årst (Bernt Hulsker inn 81.)

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %