Hopp til innhold

Lørenskog vann første finalekamp

Stavanger Oilers tapte 3–1 mot Lørenskog på heimebane i kveldens første finalekamp i cupen.

Oilers Lørenskog kjemper om kongepokalen i Siddishallen

Oilers tapte den første av sju moglege finalekampar i kampen om kongepokalen.

Foto: Anders Fehn / NRK

På tampen av kampen sette Lørenskog inn målet som sette spikaren i kista for den første finalekampen.

Resultatet blei 3–1 til gjestane etter ein svært jamn kamp.

Det var Lørenskog som først tok leiinga ni minutt ut i første periode, då Mathias Trygg sette pucken inn bak Oilers målvakta. Om lag tre minutt etter utlikna Jimmy Kilpatrick for Oilers.

Andre periode blei mållaus, og resultatet var 1–1 heilt fram til det var sju minutt att av kampen. Etter Kenny Corupe sette inn 2–1 satsa Oilers alt.

Med målvakta i angrep blei det ein grei jobb for Knut Henrik Spets å setja spikaren i kista for Lørenskog.

Dermed vann Lørenskog den første finalekampen dei nokon sinne har spelt.

Dette var den første av sju moglege finalekampar.

Oilers publikum

Eit skuffa heimepublikum måtte sjå Oilers tapa dagens kamp.

Foto: Anders Fehn / NRK