Hopp til innhold

Må flytta generalprøven til Nærbø

Grasmatta på Viking stadion slit i kulda. Nå er generalprøven før eliteseriestart, mellom Viking og Rosenborg, flytta til kunstgras på Nærbø. – Dette er sjølvsagt veldig synd, seier Viking-trenar Kjell Jonevret.

Gisle Oseberg

Gisle Oseberg er driftssjef i Viking FK. Han kunne i dag fortelja at Viking stadion ikkje er klar til sundagens treningskamp mot Rosenborg.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Nye Loen

Nye Loen på Nærbø er dekt med kunstgras.

Foto: Fra webcamera Dataplan
Rosenborgs Jonas Svensson (tv) tapper duell med Trond Erik Bertelsen (th)

Rosenborgs Jonas Svensson (tv) tapper duell med Trond Erik Bertelsen (th) under eliteseriekampen mellom Rosenborg og Viking 26. august i fjor.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

På søndag skulle Viking-spelarane for første gong i år få kamptrening på grasmatta deira på Viking stadion mot Rosenborg.

1,4 meter tele

Men i dag skriv klubben på heimesidene sine at dei framleis ikkje har fått banen klar.

– Det er tele 1,4 meter ned i bakken. Så sjølv med varme og ein svær duk, er det umogeleg å spela treningskampen mot Rosenborg, seier Gisle Oseberg som er driftssjef i klubben.

Han innrømmer at det var i seinaste laget å slå på undervarmen i graset tre veker før kampen, men legg til at det er svært kostbart med undervarme.

Ulempe for begge lag

Viking-trenar Kjell Jonevret er ikkje nøgd med meldinga.

– Me har alttid greidd å få til kamp på gras her i Stavanger tidlegare. Eg er ingen grasmann, men eg håper at dei som steller med dette har gjort alt dei kan for å få det til, seier han.

Nå er sundagens kamp flytta fire mil lenger sør, til stadionanlegget Nye Loen på Nærbø. Ein bane Jonevret ikkje har eit forhold til.

– Eg har aldri vore der, seier han kort.

Jonevret meiner at det er ei ulempe for både Rosenborg og Viking, at dei ikkje får spela sin siste treningskamp på eit skikkeleg stadionanlegg. Kva det vil få å sei for Viking si opning mot Molde kan han likevel ikkje sei.

Trur banen vil vera klar for opning

Gisle Oseberg kjenner seg trygg på at banen skal bli klar til opninga av eliteserien 15. mars.

Og om den ikkje skulle vera det, kan han forsikra om at denne kampen ikkje skal bli spelt på Nærbø.

– Skulle banen framleis ikkje vera klar, så må me avlysa. Men det tvilar eg på blir aktuelt, seier han.

Avspark for treningskampen i Nye Loen på sundag blir klokka 17.45.

Flere nyheter fra Rogaland