Hopp til innhold

P5 legg ned lokalsendingar

Det blir slutt på eigne lokale, radiosendingar frå P5 i Stavanger og Trondheim.

Det blir slutt på egne sendinger fra P5 i Stavanger.

To av tre tilsette må gå i radiokanalen P5 i Stavanger. Her programleiar Kjartan Kopren.

Dei tilsette i P5 fekk den triste nyheita onsdag.

I Stavanger er to av dei tre redaksjonelle medarbeidarane oppsagde med tilbod om sluttpakke. I Trondheim må alle dei tre redaksjonelle medarbeidarane gå.

Sendingane i Bergen og Oslo består.

Økonomiske årsaker

Bakgrunnen for nedskjeringane er økonomiske årsaker, ikkje svake lyttartal. Den siste tida har vore prega av annonsesvikt og raude tal i P5 i Stavanger og Trondheim.

– Det er veldig trist at det blir slutt på lokalsendingane, seier programleiar Kjartan Kopren i P5 i Stavanger.

Trass i at det blir slutt på lokalsendingane, vil dei lokale nyheitene halda fram. Det blir også framleis lokal musikk. Dette gjeld òg i Trondheim.

– Eit tap for mange

I P5 i Trondheim er det slutt på lokale sendingar frå torsdag av. Når lokalsendingane i Stavanger blir avvikla er ikkje kjent. Men det er venta å skje innan kort tid.

– Lyttarane går glipp av gode lokalsendingar. Det blir eit tap for mange, seier klubbleiar Øystein Windstad.

P5 held fram med å ha sendingar på riksnettet frå Oslo eller Bergen.

P5 er lokalradiokanalane til P4 som gjekk på lufta 1. januar 2010. P5 har hatt sendingar frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

Kanalsjef i P5, Kenneth Andresen, presiserer at lyttarar både i Stavanger og Trondheim framleis vil kunne høyre sendingar med lokalt innhald.

– Men det meste av programinnhaldet vil bli laga sentralt. Dei lokale nyheitene vil likevel bestå i Stavanger, understrekar han overfor NRK.no.