Hopp til innhold

Heftig biljakt på Sola

Eit oppgjer mellom norske og tjetsjenske ungdommar enda i ei heftig biljakt fredag morgon.

Biljakt Sola

Store politistyrkar måtte måndag rykka ut etter meldingar om ei biljakt i Sola.

Foto: Ronny Hjertås

Store politistyrkar rykka ut i dag tidleg då ein bil forfølgde og køyrde inn i ein annan bil ved flyplassen på Sola.

Det var personane i bilen som blei forfølgd som melde frå til politiet klokka 05.17 om at dei ikkje torde å stoppa.

Ifølgje politiet kan det sjå ut som om det dreier seg om eit oppgjer mellom norske og tsjetsjenske ungdommar.

Dei tre tsjetsjenarane i den eine bilen var mellom 16 og 17 år og er nå tatt med til politistasjonen. Ungdommane i den andre bilen var litt eldre.

Politiet trur ikkje hendinga er tilfeldig.

– Det verkar som det heile starta med ein krangel på ein fest på Jæren. Dei har forfølgd kvarandre i bilar, og enda opp på Sola, seier Ivar Riveland, vaktleiar ved Stavanger politistasjon.

Fredag føremiddag blei dei tre tsjetsjenske ungdommane sett fri frå arresten. Dei blir avhøyrde over helga.