Hopp til innhold

Nå går november-barten

Denne barten samla inn 18 000 kroner!

Video Novemberbarten forsvinner

Novemberbarten forsvinner

I november har menn over heile verda latt barten gro. Målet er å sleppa ut barten og samtidig samla inn penger til kreftforskning. På verdensbasis er det samla inn ein halv milliard kroner, i Norge 1, 5 million.

Les meir om movemberbarten her.

Blant dei beste barteinnsamlarane i Norge er Oilers-spelar Martin Strandfelt.

- Det var to gutter på laget som begynte, så hang eg meg på nokre dagar inn i november, seier Strandfelt.

Hemmeleg draum om bart

Lukas David med bart

Lukas David seier dama hans gler seg til å få han glatt igjen.

Foto: Samina Bruket / NRK

Medspelar Lukas David har ikkje lika lang bart som sin kollega.

- Nei, absoulutt ikkje, han har nok ein mykje heftigare hårvekst enn meg.

David trur alle menn lurer litt på korleis dei hadde sett ut med bart.

- Likevel, så tør ein kanskje ikkje gå ut offentleg med den. Nå fekk eg ei unnskyldning til å prøve bart.

Lukas David blir barbert

Lukas David blir barbert.

Foto: Samina Bruket / NRK

Fornøgde damer

NRK hadde invitert barber Kjetil Fevang i studio for å raka av barten til dei to spelarane.

– Her har eg maskin, kappe, børste og talkum, som er eit gamalt herretriks. Me har og ein ekslusiv aftershave som skal svi litt etterpå.

Lukas David fortel at det no er nokon som er veldig glad for at barten forsvinn.

- Det er det absolutt, og eg må sei at eg er ein av dei.

Kva med damene då, kva kommentarar har du fått?

- Mi dame er ikkje særleg nøgd. Hu sa i byrjinga at det var greit fordi det var for ein god sak, men eg trur ho angra etter eit par dagar, humrar David.

Etter rakinga er begge spelarane godt nøgd med resultatet.

Martin Strandfelt og Lukas David

Flotte herremenn også utan bart.

Foto: Samina Bruket / NRK

Flere nyheter fra Rogaland