Sjølv om dei fleste som kjem til Stavanger spør mykje om NOKAS-ranet, finnes det verken brosjyrar eller turar som kan fortelja om denne svært sentrale hendinga i Stavanger si historie.
- Kva meiner du om ein guida «NOKAS-tur» i Stavanger? Sei meininga di nedst i artikkelen.
Gamle Stavanger, Domkyrkja og hermetikkindustrien er nå det mest sentrale i ein Stavanger-tur for turistar.
– Kanskje me nå har fått ei opning til å gjera noko nytt; kall det gjerne NOKAS-tur, seier Stavanger guide Rune Helgø.
– NOKAS var alt dei ville høyra om
Han har sjølv merka kor stor interesse det faktisk er for ranet i 2004. Aller størst pågang var det i tida like etter ranet:
– Du kunne ikkje gå eit skritt utan å få spørsmål om NOKAS. Kor ligg bygget, kor var det dei køyrde, kor var det skytinga føregjekk osb...
Han seier at det var heilt umogleg å snakka om turistattraksjonane i Stavanger, og at spørsmåla også haldt fram etter turen var over. At dette er noko som vil vera av interesse for folk også framover er han ikkje i tvil om:
– Dette er noko som skjedde, det kan me ikkje unngå, og for mange er det veldig interessant.
Kritisk
Reiselivsdirektør i Region Stavanger, Elisabeth Lærdal Skuland, er skeptisk til å gjera alvor av ein «NOKAS-tur».
– Me kan såra folk, og me kan tråkke folk på tærne, så her må me vera veldig varsame seier ho.
Ho er ikkje sikker på at tida er inne for å guida folk i området rundt Domkirkeplassen
Alvorleg hending
Til helga vil NOKAS-filmen passera 200.000 publikumarar, noko som stadfestar interessa for ranet.
- Les òg:
- Les òg:
Mange har også rosa filmen for at dette ikkje er rein underhalding, og at ranarane ikkje blir gjort til heltar. Noko som vil vera viktig også i ein guida tur om ei hending nært i tid, der ein politimann mista livet.
– Det er mange stader i utlandet dei er svært flinke til dette, dei klarar å gjera ting interessant med måten dei vinklar det på, seier turguiden.
Blanda reaksjonar
Torghandlar Reidar Bårdsen, var sjølv midt i ransdramaet påsken 2004, for han er det viktigaste at ranarane ikkje blir omtala som heltar.
– Eg var sjølv midt oppe i det, derfor vil eg ikkje at dei skal framstå som heltar i folk sine auger, seier han.
Men frå utsalsboda si på torget blir han sjølv ofte spurt av turistar kor NOKAS-bygget er og kor skytinga føregjekk, så han ser at interessa er der.
Men ikkje alle på torget utanfor NOKAS-bygget meiner at dette er ein god idè:
– Det er greitt at det er ein del av norgeshistoria, med å laga ein slik ting ut av det har eg ikkje tru på, seier Marit Ohm.