Hopp til innhold

Dokking av Hurtigruten – minutt for minutt

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Me tenkte at det var ei filmstjerne me skulle få i dokken, derfor kunne me like godt laga ein film om det, seier Georg Matre i Westcon. Og slik blei filmen «Dokking av Hurtigruten – minutt for minutt» til.

Natt til i går tok imot verftet Westcon Yard i Ølensvåg hurtigrutebåten MS Nordnorge for vedlikehald i dokken.

– Det er første gong me har denne båten inne hos oss, og me synest sjølvsagt at det er litt stas, seier Georg Matre i Westcon til NRK.no.

– Filmstjerne

For MS Nordnorge er ikkje ein kva slags som helst båt. Dette er hurtigrutebåten som i sommar blei verdskjend gjennom NRK-programmet «Hurtigruten – minutt for minutt».

– Me tenkte at det var ei filmstjerne me skulle få i dokken, derfor kunne me like godt laga ein film om det, seier Georg Matre i Westcon.

Dermed blei eit kamerateam hyra inn, og på videoen selskapet nå har lagt ut kan ein sjå MS Nordnorge gå i dokk.

Normalt vedlikehald

Båten skal vera tilbake i rute allereie laurdag 25. februar.

– Det er berre normalt vedlikehaldsarbeid me skal utføra. Det handlar altså om spyling, maling, stål- og røyrarbeid, mekanisk arbeid og ein del innredningsarbeid, seier Matre.

Hurtigruten forhøyrer seg med fleire verkstader før dei avgjer kven som skal gjera denne type arbeid. Det er første gong MS Nordnorge gjestar Ølensvåg.

Hurtigruten - minutt for minutt

Dette er er hurtigrutebåten som i sommar blei verdskjend gjennom NRK-programmet «Hurtigruten – minutt for minutt».

Foto: Junge, Heiko / Scanpix