Hopp til innhold

Fire år fengsel for storsvindlar

Storsvindlar frå Haugesund fekk fire år fengsel av tingretten i dag. 21-åringen er dømdt for omlag 200 tilfeller av grove bedrageri med kredittkort.

Netthandel
Foto: Martin Kierstein

Den 21-år gamle mannen frå Haugesund fekk tilgang på andre sine kredittkort etter innbrot på i alt 64 datamaskinar.

På denne måten svindla han for store summar frå bedrifter og privatpersonar. Retten seier at dei nå viser at slike handlingar er heilt uakseptable og samfunnsskadelige.

I tillegg til fengselsstraffa får mannen inndrege 660.000 kroner, og han må erstatta fleire mindre beløp til privatpersonar å bedrifter.

Det mannen blir dømd for samla under eitt er ein falsk anklage, fem grove tjuveri, 48 grove bedrageri, 27 forsøk på grove bedrageri, 51 simple bedrageri, eitt forsøk på simpelt bedrageri, 64 datainnbrot, eitt tilfelle av å ha bilete som seksualiserar barn, eit tilfelle av legemsfornærming, eit heleri, eitt tilfelle av forulemping av offentleg tenestemann, eitt tilfelle av narkotikaforbryting samt ei overtreding av våpenlova.