Hopp til innhold

Køyrde av vegen med promille

Ein 20 år gamal mann måtte til legevakta etter han køyrde av vegen i Egersund sundag kveld.

Politiet fekk inn melding om ei trafikkulukke i Egersund like før klokka 24 sundag kveld.

Det var ein bil som hadde køyrd av vegen. Dei materielle skadane var store, og føraren, ein 20 år gamal mann, hadde også fått seg ein smell.

Han blei frakta til legevakta med ambulanse, med fått eit kutt i hovudet.

Politiet tok alkotest av mannen. Den viste at han hadde meir enn lovleg promille. Det blei derfor tatt blodprøve av føraren. Politiet har også tatt førarkortet frå han.