Hopp til innhold

Her tippar bilen nesten rett ut i elva

Kvinna som køyrde denne bilen i Egersund hadde marginane med seg og unngjekk å hamna i elva.

Bil nesten i elva

Ein bil hamna nesten i elva i Egersund laurdag.

Foto: Øystein Ellingsen

Uhellet skjedde då kvinna fekk eit illebefinnande då ho skulle passera Damsgård bru som går over elva Lundeåne i Egersund.

Til alt hell slapp ho frå skrekken og unngjekk å hamna i elva.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.23 laurdag føremiddag.

– Kvinna blei tatt hand om av ein ambulanse. Då var ho i god behald, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Kurt Løklingholm.

Ein tauebil er på veg for å frakta bort bilen.

På grunn av Nordsjørittet og mykje trafikk i området, har uhellet skapt trafikale problem.