Hopp til innhold

– Dette er hardare enn maraton

For å bli ein dyktig saueklyppar må konkurranseinstinktet ditt vera så bra at du ikkje ein gong toler å tapa i Ludo. Rolf Gravdal frå Bjerkreim tapar aldri i Ludo.

Video Til VM i saueklipping

VIDEO: Rolf Gravdal frå Ognedal i Bjerkreim er klar for VM i saueklypping i New Zealand.

Sjølv om han har halde på lenge, har han dårleg tid. Den profesjonelle saueklypparen frå Bjerkreim reiser frå gard til gard, for å få nok trening.

– Eg har klypt kvar dag nå sidan 10. januar, og i dag skal eg klyppa 130 sauar. Før ville eg tenkt at det var mykje, men nå bryr eg meg ingenting. Eg klypper berre ein og ein sau, seier Rolf Gravdal.

Klar for VM

Treninga han nå ligg i er svært viktig. Neste veke er det duka for verdsmeisterskap i saueklypping i New Zealand, og nervane er under kontroll:

– Eg er aldri nervøs før slike ting. Det er berre ei stor oppleving å få vera med på, seier mannen som snart skal tevla med norsk flag på brystet på andre sida av verda.

– Kva er det som må til for å få ei god plassering?

– Du må vera gira, det er det viktigaste. Konkurranseinstinktet ditt må vera så bra at du ikkje toler å tapa i Ludo, sjølv tapar eg aldri i Ludo, seier Gravdal og ler.

Han bruke ned mot 40 sekund på eitt dyr. Den regjerande noregsmeisteren klarer gjerne 35.000 sauer i året, noko det blir toppidrett av.

– Større atletar enn maratonløparar

– Saueklypparar er nokon av dei største atletane som finst. Klypper du 400 sauer på ein dag, er det å rekna som eit maraton. Skilnaden er at ein saueklyppar kan gjera dette kvar dag i fleire veker. Det klarar ikkje ein som spring maraton, seier Gravdal.

Sjølv om han tidlegare har vunne noregsmeisterskap har ikkje Gravdal ambisjonar om topplassering i New Zealand.

– Det viktigaste er å ha det kjekt, og trivast med det ein gjer.

– Blir det litt mykje sau av og til?

– Det kan bli litt mykje, ja. Tidlegare drøymde eg om sau, men det har eg slutta med. Det er nok ei sjuke, men det gjer ingenting.