Hopp til innhold

14 år gamal gut påkøyrd i gangfelt

Ein gut (14) måtte onsdag kveld fraktast til sjukehus etter å ha blitt påkøyrd i eit gangfelt i Egersund. Truleg er det snakk om ein knekt fot, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Geir Gjesdal.

Klokka 17.52 fekk politiet inn melding om ein gut som hadde blitt påkøyrd i ein fotovergang i Jernbaneveien i Egersund.

Guten blei frakta til sjukehuset i Egersund kor han blei henta av eit Sea-King helikopter, som tok han med til Stavanger Universitetssjukehus.

– Det er truleg snakk om at 14-åringen har knekt ein fot, seier Gjesdal.

Politiet har tatt frå føraren av bilen førarkortet og oppretta sak. Føraren var 34 år gamal.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.