Hopp til innhold

Frontkollisjon i Egersund

Ein person er teken med i ambulanse etter frontkollisjon i Egersund. Ulukka skjedde i fem tida torsdag ettermiddag.

Trafikkulukke Egersund

Ein person skal ha fått skadar etter ulukka.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Det var i Hoveræget i Egersund at to bilar i ettermiddag var involvert i ein front mot front kollisjon.

– Ein person blei teken med til legevakta i Egersund for sjekk, opplyser operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt Svein Kjetil Larsen.

Dette var føraren i den eine bilen. I den andre bilen var det to personar, begge desse skal vera uskadde.

Politiet har ingen mistankar om promille i ulukka, som skjedde i eit bustadområde med fartsgrense på 50 km/t.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.