Hopp til innhold

Legendetrommis skal spela med Stavanger-gitarist

Stavanger-gitarist Alf Terje Hana skal spela i lag med trommelegenda Stewart Copeland, frå The Police, i det nye konserthuset neste år.

Øyvind Grong, Stewart Copeland, Torgeir Nes og Alf Terje Hana

Øyvind Grong, en slags Stewart Copeland, Torgeir Nes og Alf Terje Hana

Foto: Øystein Otterdal / NRK

The Police: "Outlandos d'Amour".

Trommeslagar Stewart Copeland (t.v.) her frå omslaget til The Police si debutplate i 1979 – 'Outlandos d'Amour'. Dei andre medlemmene i bandet er Andy Summers og Sting.

Foto: Platecover

I dag offentleggjorde Stavanger Symfoniorkester at dei i mars vil blanda akustisk og elektrisk musikk i det nye konserthuset.

Med seg på laget har dei fått gitarist Alf Terje Hana, «Athana», frå Stavanger. Og sjølvaste Stewart Copeland, som er kjend som trommeslagaren frå The Police, som herja hitlistene på 80-talet.

– Noko grunnleggjande merkeleg

Dette blir første gongen Copeland besøker Norge, i 2008 avlyste The Police ein konsert som var planlagd på Valle Hovin.

– Eg kjenner ikkje til norsk musikk, men eg likar å spela saman med orkester. Når det i tillegg er eit kult og rart band blir det endå lettare, seier Copeland til NRK.no.

(Artikkelen fortsetter under bildet.)

Øyvind Grong, Torgeir Nes og Alf Terje Hana får hjelp av en kvartett fra SSO.

Øyvind Grong, Torgeir Nes og Alf Terje Hana får hjelp av en kvartett fra Stavanger synfoniorkester.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Han meiner det er noko grunnleggjande merkeleg med «Athana» sin musikk, og det er det som tiltrekk han.

Også kommunikasjonssjef i Stavanger Symfoniorkester, Gaute Aadnesen berre lovord å koma med om «Athana».

Planlagt sidan 2009

– Hana er kjent for sitt eksperimentelle gitarspel og utforskande komposisjonar.

– Han utfordrar dei etablerte musikksjangrane, og har utvikla eit 
eige uttrykk i grenseland mellom jazz, improvisasjon, elektronika, støy og tidlaust gitarrock, skriv Stavanger symfoniorkester i ei pressemelding.

Ideen om å kopla Athana med SSO oppstod allereie i 2009, og mannen som har fått i oppgåve å ’rekomponera’ musikken til orkesterformat er Helge Sunde, som har stor erfaring med slike prosjekt.

Flere nyheter fra Rogaland