Hopp til innhold

– Bør ha strengare båtreglar

Påbod om bruk av redningsvest og skjerpa promillegrenser er noko av det Sjøfartsdirektoratet føreslår for å betra tryggleiken på sjøen.

Olav Akselsen

Sjøfartsdirektoratet vil ha strengare reglar for båtkøyring.

Foto: Grøtt, Vegard / SCANPIX

Det bør bli strengare reglar for å køyra båt. Det er konklusjonen i ein rapport om tryggleik ved bruk av fritidsbåt Sjøfartsdirektoratet la fram i dag.

– Redningsvest reddar liv

Arbeidsgruppa ber mellom anna regjeringa vurdera påbod om bruk av redningsvest i opne båtar, og at promillegrensa blir skjerpa for fritidsbåtar under 15 meter.

– I dag er promillegrensa 0,8. Når bodskapen vårt er at ingen skal drikka alkohol på sjøen, gir dette feil signal, seier Sjøfartsdirektør Olav Akselsen til NRK.no.

Han påpeikar også at bruk av redningsvest er det tryggingstiltaket som kan redda flest liv på sjøen.

– Dersom folk blir flinkare til å bruka redningsvest, kjem ulukkestala til å gå ned, held Akselsen fram.

– Ulukkestalet på sjøen må ned

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen (Ap) er ikkje redd for at strengare reglar kjem til å dempa båtgleda.

– Gleda med båt ligg i opplevinga på sjøen, ikkje i ulukker. Dei høge ulukkestala må ned, då må det klare reglar til, seier ho til NRK.no.

Forslaga i rapporten blir nå sendt ut på høyring. Etter det blir det vurdert kva eventuelle endringar i regelverket som må til.

Fleire organisasjonar har delteke i arbeidsgruppa som har utarbeida rapporten. Blant andre Kongeleg Norsk Båtforbund, Politidirektoratet og Kystverket.