Hopp til innhold

Ein av fem arbeidslause i Haugesund er frå Polen

Ein av fem arbeidslause i Haugesund er frå Polen. Det viser tal frå NAV Hagesund. Språkproblem gjer det vanskeleg for polakkane å få ny jobb.

Bygningsarbeidere i stillas

Mange polakker som hadde jobb, arbeidet i bygg- og anleggsbransjen. Det kan være en av grunnen til at det nå er høy arbeidsledighet blant polakkene, mener NAV. Illustrasjonsfoto.

Foto: Setinar Nedkvitne / NRK

– Haugesund har den desidert høgaste arbeidsløysa i Rogaland, og mange av dei er frå Polen, sier NAV-leiar i Haugesund, Lillian Langelandsvik.

Medan fleire kommunar i sørfylket hadde svært låg arbeidsløyse ved utgongen av januar, hadde kommunar i nordfylket høgare arbeidsløyse enn landsgjennomsnittet.

Størst arbeidsløyse er det i Haugesund. Ved utgongan av januar var 4,6 prosent av arbeidsstyrken i kommunen utan arbeid.

Ein av fem frå Polen

Tal frå NAV Haugesund viser at 20 prosent av dei arbeidslause i kommunen er frå Polen.

Langelandsvik trur årsaka er etterdønningar av finanskrisa.

– Før finanskrisa hadde me ein periode der det var veldig stor etterspørsel innanfor bygg, anlegg og industri, der det blei rekruttert mykje arbeidskraft frå Polen, fortel ho.

– Når finanskrisa kom, og det snudde seg på arbeidsmarknaden, vart ein god del av desse arbeidslause.

Språkproblem hindrar ny jobb

Mange av dei arbeidslause frå Polen snakker verken norsk eller engelsk, noko som kan gjere det vanskeleg for polakkane å finna seg nytt arbeid.

– Dette er ei utfordring, seier Langelandsvik.

– Når dei verken snakkar norsk eller engelsk er det vanskeleg for oss å få dei ut i andre jobbar, legg ho til.

Bekymra over høg arbeidsløyse

NAV har tidlegare sagt til NRK at dei er bekymra over den store arbeidsløysa i Haugesund.

Assisterande direktør i NAV, Bjørn Sæstad, sa ved utgongen av januar at han trur næringssamansetnigen mellom nordfylket og sørfylket er årsaka til at Haugesund har så stor arbeidsløyse.

Han var likevel optimist og håpa at 2011 vil bli eit godt år.