Hopp til innhold

Sildakongen utestengt frå Julabyen

Sildakongen, Arvid Otto Mørch frå Karmøy, får ikkje lengre selja varenen sine i Julabyen i Egersund. -Han er for krevande, meiner leiinga av Julabyen.

Video 95e2fb3b-1d89-4b1b-af5d-5a59d79b441e.jpg

- Eg likar Arvid, det er ikkje det. Men nå va det nok.

Det seier Julabysjefen Henrik Einar Seglem i Egersund. Han slår fast at Sildakongen er ein krevande aktør.

- Han tappar oss litt for energi vil eg sei. Han er for profesjonelle, seier Seglem.

Dårleg gjort

Sildakongen er "øvegidde" over ein slik karakteristikk.

- Det kan dei sikkert meina at eg er krevande. Eg er krevande, eg vil ha plass, eg vil ha armaskot, eg vil ha plass til varene mine og eg kan ikkje sitja som ei mus i ein krok, seier Arvid Mørch og avsluttar setninga: - Eg må få slå ut frakkaskjøtene mine, .

Ikkje bitter

Trass i at han nå er sett på sidelinja, tar Sildakongen hendinga med stoisk ro.

- Eg har kome til denne verda for å gleda folket. Det er synd at eg ikkje lengre får vera med, for Julabyen er noko av det kjekkaste eg har vore med på.
- Men dersom dei inviterer meg til neste år så stiller eg opp med gleda, slår Mørch fast.

- Eg reknar med at det er eit lile feilskjær dei nå gjere, er avskjedshelsinga hans.