Hopp til innhold

Leiar for sosialistisk ungdom i Stavanger går mot Kristin Halvorsen

Det er Kristin Halvorsen sitt forslag om at elevar maks kan bruke 10 skuledagar i året til politisk arbeid, som har fått Eirik Sakariassen til å reagere.

Eirik Sakariassen

Leiar for Sosialistisk Ungdom i Stavanger, Eirik Sakariassen, er ikkje nøgd med partileiar Kristin Halvorsen sitt utspel. (foto: privat)

Halvorsen vil at elevar ved vidaregåande skulen, og ungdomsskulen, som bruker meir enn ti dagar til politisk arbeid skal få dette ført som fråver på vitnemålet sitt.

Motstridane

Leiaren for Sosialistisk ungdom i Stavanger, Eirik Sakariassen, meiner at dette er motstridane når det kjem frå ein SV statsråd:

- Det som er spesielt er at dette kjem frå ein SV statsråd, når SV samstundes er for stemmerett for 16-åringar.

  • Kva meiner du om denne saka? Sei di meining nedst i artikkelen.

- Vil forstå

Kunnskapsministaren trur at ein framtidig arbeidsgjevar vil forstå om ein på vitnemålet sitt har fråver grunna politisk arbeid.

Ho trur derfor ikkje at dette er eit problem for dei politisk aktive ungdommane:

- Eg trur dei enkelt kan forklare for framtidige arbeidsgjevarar at dei var politisk aktive og dreiv med ting som ikkje var direkte knytt til fag, seier Halvorsen.

- Ingen skam å snu

Dette kjøper ikkje SU leiar i Stavanger, Sakariassen. Han seier at dei skal jobbe for å få Halvorsen til å snu.

I bloggen sin skriv Sakariassen: "Vend i tide, Kristin! Det er ingen skam å snu – Fjellvettregel nr. 8."

Han meiner at dette går utover dei som engasjerer seg i samfunnet, og at det ikkje er riktig.