Fjell meiner motstanden frå Sola ikkje bør stoppa initativet frå Luftfartsverket om å senka flyplassavgiftene på fem utvalde, mindre flyplassar i Noreg.
Ryan Air vil teikna 15 års kontrakt på ei dagleg flyrute mellom Karmøy og London. Men selskapet vil berre betala ein femtilapp i avgifter per passasjer og krev at dei tilsette på Haugesund Lufthavn, Karmøy skal ta seg av alle praktiske detaljar.
Driftssjef Øyvind Krovik på Haugesund Lufthavn, Karmøy meiner at alt ligg til rette nå og at heile distriktet vil ha nytte av ein lågprisflyplass.
Lengre rullebane
Men sjølv med Luftfartsverkets foreslåtte avgiftsreduksjon på 90 prosent på alle utenlandsflygningar til og fra Haugesund lufthavn, stiller Ryan Air ein del krav før en 15 års avtale kan skrivast under. For å kunne ta i mot Ryan Air sine nye fly, må rullebanen bli 300 meter lengre, og det vil kosta mellom 70 og 100 millioner kroner. Nå er kommunane og næringslivet på Haugalandet i ferd med å laga eit aksjeselskap som skal skaffa pengene som trengs. Ordfører Petter Steen i Haugesund seier det er viktig at dette må gjerast kjapt.
Sola reagerer
Stavanger lufthavn har lenge forsøkt å få lågprisselskapet Ryan Air til Sola, og har bede Luftfartsverket om lågare avgifter for å få dette til. Når Luftfartsverket svarer med å gi heile 90 prosent avgiftslette til Haugesund lufthavn kjem det reaksjonar. Styreleder i Sola Terminalbygg, Leif Johan Sevland, seier det er flott å få lågprisflygningar ut frå Noreg, men å gje avgiftslette til alle blir feil.