Styresmaktene er redde for at stamma kan bli for stor, og no vurderer villreinutvalet å utvide jakttida.
Det er særleg på nordvestvidda jakta har svikta, seier Silje Ljøterud Bergan i Villreinnemnda for Hardangervidda.
– Tilbakemeldingane syner at dyra har stått i nordlege delar av Tinn og nordvestlege delar av Vinje. I Hol og Ulvik har det ikkje vore dyr frå Hardangervidda, seier Bergan.
– Ventar lågare felling
Sekretæren i Villreinnemnda tek atterhald om at ho enno ikkje har fått tilbakemelding frå alle jaktvalda.
Likevel trur både talspersonar for Statens naturoppsyn, grunneigarar og Villreinnemnda at resultatet blir godt under det planlagde uttaket på 2000 dyr.
– Fellinga blir lågare enn rekna med, seier Bergan.
Det tyder at stamma veks, og at det for fyrste gong på ti år kan vere fleire villrein på Hardangervidda enn dei 10 000 dyra fagfolk meiner vinterbeitet kan fø.
Saka held fram under biletet.
– Arbeider med fleire løysingar
På 80-talet var dyretalet heilt ute av kontroll, og i 1983 meinte den kjende villreinforskaren Terje Skogland at matmangel kunne ha teke livet av så mange som 5000 villreinkalvar.
Silje Ljøterud Bergan trur ikkje det skjer no.
– Me har alt starta arbeidet med nye samjaktavtaler, slik at jegerane kan krysse eigedomsgrensene. Det er og aktuelt å utvide jaktperioden, seier Bergan.