Hopp til innhold

12 og 13 år gamle jenter brukte hasj

To jenter på 12 år og 13 år er tatt for bruk av hasj på ein ungdomsklubb i Porsgrunn.

Dei to jentene oppholdt seg på Grønliklubben i Porsgrunn.

Detr blei det fatta mistanke om bruk av hasj. Jentene blei med samtykke frå foreldrene tatt med inn til Grenland politistasjon.

Narkotikatesten stadfestar bruk av narkotika.

Tragisk at så unge brukar narkotika

– Dei er jo under kriminell lågalder, og vil bli følgd opp av ungdomsavsnittet ved Grenland politistasjon. Ungdomsavsnittet har også tett kontakt med barnevernet, seier operasjonsleiar Gisle Småge i Telemark politidistrikt.

– Kva tenker du om at barn heilt ned i 12-års alderen testar positivt på ein narkotikatest?

– Det er eigentleg bare tragisk at så unge menneske brukar narkotika. Det er ikkje noko moro i det heile tatt, seier Småge til Varden.