Hopp til innhold

– Prøv å bli gravid før du er 25 år

Mange par treng hjelp for å bli gravide. Noko av forklaringa er at alderen på førstegongsfødande har gått opp med fem år frå 70-talet.

Nyfødte Maren og Kaja Dahl.

Det tok foreldra Karoline og Oskar Dahl tre forsøk før dei fekk tvillingane Maren og Kaja.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

På 70-talet var gjennomsnittsalderen på førstegongsfødende 23 år, no er den 28 år.

Dei aller fleste kvinner ønsker seg eit eller fleire barn, men mange slit med å bli gravide, og søkjer hjelp.

– Det første prøverørsbarnet i Noreg kom i Trondheim i 1984. Etter den tid har det blitt mange tusen, seier klinikkoverlege Jarl Arne Kahn ved Fertilitetskinikken Sør.

Sidan 1984 er det født om lag 25.000 prøverørsbarn.

– Eg har ei bestemorkjensle til barna, seier einingsleiar Paula Faye Rode ved klinikken.

– Burde få barn før fylte 25 år

Ferilitetsklinikken i Porsgrunn har drive i ti år, og no utvidar dei og tilset fleire folk. Rundt 2.500 barn har dei så langt hjelpt til verda. I tillegg er det fire private fertilitetsklinikkar, og mange dreg til utlandet.

Fagfolka meiner at mange kvinner ventar alt for lenge.

– Alderen til kvinna er veldig viktig. Vår gjennomsnittsalder for dei kvinnene som kjem hit er cirka 33 år. Da begynner det å butte i mot. Helst burde dei fått barn før dei er 25 år, seier Kahn.

– Det er samfunnets feil, fordi samfunnet krev at du skal ha lang skolering, du skal ha ei skikkeleg god utdanning, så skal du ha deg ein god jobb. Så skal du ha eit hus eller leilegheit og gjerne ein bil. Og så får du kanskje tid til å sjå deg rundt og finne ein mann, og da er tida gått, fortsett han.

Også for mannen tikkar den biologiske klokka. På fertilitetsklinikken jaktar dei på dei spreke sædcellene.

– Det er mange sædceller som ligg stille, noen som så vidt rørar på seg. Så er det noen som er hurtigsvømmere, og det er dei vi liker.

Fertilitetsklinikken har sett ei grense på 39 år når det gjeld prøverør.

70 prosent får draumen oppfylt

Klinikken i Porsgrunn er ein av sju offentlege fertilitetsklinikkar her i landet, og alle har ventetid. På dei offentlege klinikkane er det frå to til seks månaders ventetid.

Fertilitetsklinikken i Porsgrunn har veldig gode resultat å vise til. Sju av ti par som får behandling, blir gravide, og klinikken blir oppsøkt av par frå heile landet.

Karoline og Oskar Dahl har fått tre barn med hjelp frå klinikken. For fem år sida fekk dei Viktor, og dei har nettopp fått tvillingparet Maren og Kaja.

– Det å ville føre familien vidare trur eg er noko som ligg instinktivt i oss. Vi har fått oppfylt ønskedrømmen, seier mora som legg til at også storebror Viktor er fornøgd med sine veslesøstrer.

– Når ein har funne kona i livet sitt så ønskjer ein seg barn. Det er ikkje sånn at det er ein menneskerett å få barn, men ein har eit veldig sterkt ønske og dermed så bruker man dei moglegheitene som ein har, legg faren til.

Noreg ligg på Europatoppen saman med Island og Irland, med 1, 95 barn per familie, mens til dømes Italia berre har 1,1 barn per familie.

Oskar og Karoline Dahl.

Karoline og Oskar Dahl seier at alle årene dei prøvde var verdt det da dei enedelig blei foreldre.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Draumen tok åtte år

For familien i Bamble er draumen oppfylt.

– Etter åtte års jobbing så trur eg vi skal seie oss fornøgde med det og takke for oss hos fertilitetsklinikken, seier Karoline Dahl og ler.

Trebarnsforeldrene fant ut at det var fornuftig å ikkje vente for lenge med å oppsøkte hjelp da dei ikkje blei gravide. Så Karoline var 25 år då dei oppsøkte klinikken.

– Vi venta ikkje lengre en i eit år før vi søkte om hjelp. Så gjekk det tre år før det slo til, seier mannen.

Det måtte mange forsøk til før dei lykkast.

– Kvar av dei periodane er nervepirrande. Ein går og ventar og ventar og lurer på om det går bra denne gongen, men då blir jo gleda desto større når det faktisk slår til, seier Oskar.

– Det er som å gå å vente på eit eksamensresultat, bare ti gonger verre. I ettertid er det verdt det, men det er ein strid når det står på. Første mann kom etter seks forsøk, og det tok tre forsøk til for å få tvillingane, seier kona.