For å hindre at vinterstamma av villrein på Hardangervidda blir for stor, har viltstyresmaktene utvida jakta til den 12. oktober.
Les også:
Svein Erik Lund, sekretær i Hardangervidda villreinutval, seier det er fødd 3000 reinsdyrkalvar i sommar.
– Eg håpar det også blir mogleg å redusere talet på simler, slik at det blir født færre kalvar neste år, seier Lunde.
Målet er at det skal bli født mellom 2000 og 2500 reinsdyrkalvar i året. Og at det skal vere om lag 11.000 reinsdyr på Hardangervidda.
Les også:
Reinsdyra går vestover
Lund meiner det framleis er mogleg å nå målet om å felle 2.500 reinsdyr under villreinjakta på Hardangervidda.
– Eg trur det. Viss det ikkje blir mykje dårleg ver dei neste fjorten dagane, så trur eg det er mogleg, seier Svein Erik Lund i Hardangervidda villreinutval.
Tidleg i jakta stod dyra samla i Tinn og Nore Uvdal, men nå har reinen trekt inn i Vinje og Hordaland.
– Vi har fått eit vêrskifte med litt meir nordvestleg vind, og det førte til at villreinen har flytta på seg, seier Lund.
No skal reinen kome over til Eidfjord og Ullensvang i Hordaland, og det betyr at det blir felt ein del dyr i desse områda.
Les også: