Hopp til innhold

Villreinjakta startar

I morgon startar villreinjakta på Hardangervidda. I fem veker skal hundrevis av jegerar jakte på dei elles freda dyra.

Villrein

Villreinen på Hardangervidda har til tider skapt heftig diskusjon. I år er fellingskvoten på til saman 9000 dyr.

Foto: Hans Jørgen Jahren

Nils Runar Sporan gler seg som ein unge til å bruke dagar og veker på Hardangervidda.

– Under reinjakta er eg ivrig, ja. Det blir mange dagar og helgar på vidda, det må til om det skal bli noko, smiler han.

– Kva er det som er moro med villreinjakt?

– Jakta er spesiell fordi vi er i heilt ope lende, og du må følge nøye med på dei store vindane. Du kan sitte ein heil dag og ikkje sjå noko, så plutseleg kjem ein flokk på to hundre dyr ut av inkje. Og det å sjå ein flokk på tusen reinsdyr er eit syn, seier Sporan.

Villrein

Etter dagar utan spor av rein, kan flokkar på hundrevis av villrein dukke opp i horisonten, fortel jegerane.

Foto: Hans Jørgen Jahren

Jakt på freda dyr

Utanom dei fem vekene med jakt på hausten, er villreinen på Hardangervidda freda. Dette kan verke ulogisk, men det er god forvaltning å halde stammen i sjakk, seier sekretær i Øvre Numedal Fjellstyre, Hans Jørgen Jahren.

– Det er det beste vi kan gjere for reinen, og det er dessutan ein lokal tradisjon. Utan jakt hadde heile stammen kollapsa. Vi tek vare på naturen, samstundes som vi hentar ut den beste maten vi kan tenke oss.

Fellingskvoten er på 9000 dyr totalt. I år er det telt 14000 villrein, inkludert kalvar, på vidda ved jaktstart. Men det er det ikkje realistisk at ein får tatt ut alle det er gitt løyve til, fortel Jahren.

Reinsjakt

Det er ikkje få tonn reinskjøt som blir henta ut frå Hardangervidda etter haustjakta.

Foto: Hans Jørgen Jahren

– Det blir ikkje skutt meir enn om lag 3000 dyr likevel, men det er viktig å gi moglegheita til å felle fleire dyr, seier han.

Det fort bli eitt hundre tonn reinskjøtt som blir frakta ut frå Hardangervidda etter jaktsesongen. Det blir transportert ut med både traktorar, bilar og helikopter.

Heftige diskusjonar

Svein Erik Lund, sekretær i Hardangervidda villreinutval fortel at diskusjonen om reinen på Hardangervidda til tider har vore frisk.

Lund, Jahren og Sporen

Nils Gunnar Sporen, Hans Jørgen Jahren og Svein Erik Lund er alle engasjerte i villreinjakta.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Det er viktig å halde oversikt over tilveksten og kor mange kalvar som blir født slik at det ikkje blir for mange rein på vidda om vinteren. Til tider engasjerer desse tala meir enn sjølve jakta, konstaterer Lund.

Les og: Frykter reinkalver vil dø

Diskusjonen går på om det er for mange eller for få rein på Hardangervidda. Talmaterialet har ikkje alltid vore like godt, men Lund seier tala er meir pålitelege no.

Og jeger Nils Runar Sporan gler seg stort til jakta. Kanskje er det nesten det beste med hausten.

– Ofte er det mest moro å tenke på det, så kjem den tunge børa med å jakte og transportere ut dyra. Det er både gøy og litt surt, seier han.

Flere nyheter fra NRK Buskerud