Hopp til innhold

Vil redde liv med mobil

Liggjande i ambulansen på veg til sjukehus med blodpropp i lunga fekk Tor Jo Riise Meyer ein ide om å gjere smarttelefonen til eit helsekartotek.

Nødapp.

iMEDI24 fungerer som ein naudsendar.

Foto: Jan Erik Wilthil / NRK

På veg heim frå utlandet kjente Meyer at han var dårleg.

– I Oslo blei eg rett og slett kjempedårleg og drog rett til legevakta. Der konstaterte dei at eg hadde blodpropp i lunga og eg blei sendt vidare i ambulanse til sjukehuset i Bærum, seier han til NRK.no.

Tor Jo Riise Meyer har ikkje budd i Oslo på mange år, han har blant anna budd i Spania. Liggjande i morfinrus og med surstoffmaske på hørte han på samtalane mellom AMK-sentralen og mannskapet i ambulansen. Dei forsøkte å finne ut om han hadde allergiar og om kva sjukehistorie han tidlegare hadde hatt. Dei fant ikkje noko informasjon om han.

– Til slutt drog eg av meg maska og fortalte det dei trengte å vite om helsa mi. Der låg eg og tenkte at denne informasjonen kan vere skilnaden på liv og død, og at eg med min teknologibakgrunn burde kunne gjere noko med det.

– Då eg blei innlagt på sjukehuset ringte eg kona for å høyre om ideen til ei mobilteneste med helseinformasjon var ein god ide eller om det var morfinrusen som snakka, seier han med eit flir.

Les også:

Tor Jo Riise Meyer.

Tor Jo Riise Meyer under opptrening.

Foto: Jan Erik Wilthil / NRK

Klar for bruk

No er naudtenesta klar for bruk. Med stønad frå mellom anna Innovasjon Norge og næringsfondet i Ål kommune er eit eige selskap skipa og programmet eller applikasjonen er lansert. iMEDI24, som den heiter, fungerer som ein naudsendar.

Du legg inn opplysningar om alt frå alder og vekt til allergiar mot medisinar, kroniske lidingar og meir. Er du sjuk eller i ferd med å bli medvitslaus trykker du på alarmknappen. Telefonen ringer automatisk til AMK i Noreg eller naudsentralen i det landet du er i.

– Tenk deg at du er i Kuala Lumpur og du ikkje ein gong veit kva slags naudnummer du skal ringe. Du trykker på knappen så ringer den det naudnummeret som passar til din geografiske posisjon. Den bruker altså GPS-opplysningar frå telefonen din.

Her heime får og det private helsefirmaet MEDI24 melding og kan gi meir bistand til helsepersonellet der du er.

– Problemet i helsevesenet i Noreg er at ein nyttar ulike dataprogram ved dei ulike sjukehusa som ikkje er kopla saman for enkel tilgang. Det handlar dessutan om personvern. Helseopplysningar om pasientar skal ikkje flyte rundt i systemet.

– Hadde vore tent med å vite meir om pasienten

På Drammen Sykehus har ambulansearbeidar Tor Birger Jeppesen akkurat fullført eit oppdrag kor ein pasient hadde store magesmerter.

– I eit slikt tilfelle som i dag hadde vi vore tent med å vite meir om pasienten på veg inn. Men her i Drammensområdet har vi som regel korte transportar av akutte tilfelle, ute i distrikta er avstandane mykje større og ein har enno større behov for kunnskap om pasienten. Då kan slike opplysningar om helsetilstand og historikk vere eit spørsmål om liv og død, seier han.

Helsedirektoratet har sett ut eit omfattande journalsystem kalla nasjonal kjernejournal på anbod. Dette helsekartoteket skal gi rask tilgang til viktig medisinsk informasjon om pasienten uansett kva sjukehus ein pasient hører til. Det systemet er neppe på plass før om fleire år.

Tor Birger Jeppesen.

Tor Birger Jeppesen seier han hadde hatt bruk for meir informasjon om ein pasient seinast i dag.

Foto: Jan Erik Wilthil / NRK

Skal tene pengar på helseopplysningane

I Hallingdal er Tor Jo Riise Meyer allereie ute med løysinga si, på smarttelefon. Så langt har nokre hundre brukarar lasta ned applikasjonen. Men det må 40 000 brukarar til for at prosjektet skal løne seg.

Sjølv om programmet er gratis skal firmaet tene pengar på å sende ut ”semi-redaksjonelt stoff” fire gongar i månaden til dei som har lasta ned applikasjonen. Det betyr at basert på nokre av opplysningane du legg inn på smarttelefonen din får du tilsendt materiale frå pasientforeiningar, apotekkjedar og andre. Meyer forsikrar at dette skjer automatisk og at ingen får direkte tilgang til dine helseopplysningar.

– Men er ikkje det litt skummelt å friviljug gi apotekkjedar og andre moglegheita til å marknadsføre seg basert på innsikt i korleis helsa di er?

Oppfinnaren av naudtenesta meiner det ikkje er problematisk.

– Dei som kjøper slik reklameplass hos oss får aldri vite kven som får akkurat den eller den type tekst til telefonen sin. Og dei får ikkje reklamere for legemidlar og liknande.

– Sensitive opplysninger

Bjørn Erik Thon

Direktør ved Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, meiner folk bør tenke nøye gjennom om ein vil bruke denne tenesta.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Direktøren for Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, seier at helseopplysningar er blant det mest sensitive vi har som einskilde menneske.

– Det er særs viktig at opplysningane brukarane legg inn er trygt lagra og krypterte. Det er og viktig at dei som lastar ned denne appen og tek den i bruk er godt og tydeleg informert om at opplysningane dei legg inn blir brukt til å sende ut slike info-brev frå kommersielle aktørar.

Han påpeiker at dette har vore problematikk knytt til Facebook, som etter kvart har blitt flinkare til å informere om kva dine personlege opplysningar kan bli brukte til.

– Det som er eit paradoks er at helsepersonell verkeleg må stole på dei opplysningane som ligg i denne applikasjonen til smarttelefonar. Dersom dei er usikre på om pasienten er allergisk mot medisinar sjølv om det står i opplysningane i iMEDI24 så er heile vitsen borte.

Thon meiner at dette er ein privatsak, kvar einskild bør tenke nøye gjennom om ein vil bruke denne tenesta.

Tor Jo Riise Meyer har si eiga helse å ta vare på. Etter blodproppa i lunga trenar han seg opp att ved Glitreklinikken på Hadeland. Forma er i stadig betring og firmaet han starta saman med kona skal lansere naud-appen i heile Europa til våren. Så ventar verda på ideen som blei til på ei båre på veg til sjukehuset.