Hopp til innhold

Stengde brannfelle på Geilo

Eit bustadkompleks med 52 bueiningar på Geilo blei nyleg stengte av politiet. Kommunen meinte at heile bygget var ei stor brannfelle.

Geilohaugen

Kommunen meinte at Geilohaugen var så brannfarleg at dei fekk politiet til å stenge heile staden.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

I det nye turistbygget Geilohaugen var sprinklaranlegg feilmontert, røykvarslinga virka ikkje, og bueiningane var ikkje tette for røyk.

Det er mange fortvila eigarar av bueiningane som tek kontakt. Dei vil gjerne vite når dei kan bruke bueiningane igjen. Mange av dei er redde for at dei ikkje kan bruke dei i jula, seier Kolbjørn Bakken i Hol kommune til NRK.no.

Geilohaugen er det nye namnet på gamle Haugen hotel, som nå er bygd om til eit stort bygg med 52 bustadeiningar.

17 falske alarmar

Manglande branntryggleik etter tre branntilfelle, og 17 falske alarmar gjorde at Hol kommune nyleg fekk politiet til å stenge heile bygget.

Nå lurar mange av dei 30 eigarane som har kjøpt bustad i Geilohaugen om dei får koma inn i sine eigne feriebustader til jul. Ein av dei er Jens Magne Kaland frå Bergen.

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal tru. Er det så gale som dei seier at det er, så er det svært trist, seier han.

Farleg å bu i bygget

Kolbjørn Bakken seier at det er mange branntekniske feil ved bygget som gjorde det farleg å bu i.

– Bygget er ikkje utførd slik var det var meint, og det blei oppdaga under ein brann der oppe.

– Har du nokon gong sett liknande på eit slikt bygg?

Nei, eg har aldri sett maken, seier han.

– Nødvendig å stenge

Arne Døvle

Brannsjef i Hol, Arne Døvle, seier dei måtte stenge bygget.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Brannsjef Arne Døvle i Hol kommune har ikkje hatt noko direkte med godkjenninga av Geilohaugen å gjere, men understrekar at det var nødvendig å stenge av bygget.

Er det fare for spreiing av røyk seier vi ifrå med ein gong. Røyken er den verste, det er den som er mest farleg, seier han.

– Skal det mykje til for at eit bygg blir stengt når du er ute og kontrollerer?

– Ja, eg har ikkje høyrt at dette har skjedd tidlegare i kommunen.

Gir eit lite håp om jul på Geilo

Liv Juchelka, leiar i plan- og byggesaksavdelinga i Hol kommune, gjer bebuarane i Geilohaugen eit visst håp om å få feire jul på Geilo i sin eigen feriebustad.

– Det er mykje som skal gjerast, og arbeidet må starte no. Det er ikkje Hol kommune som er ansvarleg for dette, seier ho.

Ansvarleg søkar om bruk av bustadeiningane på Geilohaugen er Hole-mannen Reidar Engebretsen. NRK.no har ikkje lykkast å få nokon kommentar frå Engebretsen.