10.02.2012

Diagnose dansefeber

Dansefeber (Foto: Tordis Gauteplass/NRK)

Dans er i skuddet som aldri før, men her er det ikkje salsa og fox trot.

I Hallingdal har folkemusikken og -dansen fått eit skikkeleg oppsving blant ungdom . Det er mye takka vere eldsjeler som rett og slett legg forholda til rette.

Det sit mykje historie i veggane på det gamle ungdomshuset Hugnadheim på Torpo. Mange har trødd danseskoa sine her opp gjennom tida, og jammen kjem huset fortsatt til sin rett.

Det er tradisjonsdans som står i fokus. Sangleikar, gammaldans, springar og ikkje minst halling er populært som aldri før.

I utgangspunktet var dette eit tilbud for dei yngste innbyggjarane i bygda, men no blir huset fyllt opp med ungdom frå heile Hallingdal.
Det er torpingane Gunnlaug og Martin Myhr, som sjølve er aktive utøvarar, som i fleire år har lagt til rette for at ungane skal ha ein stad dei kan møtast og lære desse tradisjonsdansane.

Banner valgresultat 2011 468x110