Hopp til innhold

Usikker framtid for Levanger Live

Regn og dårleg timing gir stort underskot for debutfestivalen.

Levanger Live regna vekk
Foto: Karin Jegtvik / NRK

– Vi er nøgde med at vi klarte å arrangere festival, men vêret gjorde det vanskeleg for oss, seier festivalsjef Jon Audun Haukø.

I går var støvlar, regnponcho og sydvest dresskode, og berre nokon hundre publikummarar våga seg ut i høljeregnet.

Stort underskot

Jon Audun Haukø i Levanger Live

VÅT: Festivalsjef Jon Audun Haukø sto i eit hjørne og såg festivalen regne vekk laurdag kveld.

Foto: Karin Jegtvik / NRK
Levanger Live

TOMT: Få personar dukka opp i striregnet. Totalt var 700 publikummarar innom festivalen på laurdag.

Foto: Karin Jegtvik / NRK

Berre 700 møtte opp for å sjå blant andre Sirkus Eliassen og Vinni & The Vagabonds laurdag kveld. Fredag klarte svenske Lars Winnerbäck å sikre nesten 1500 festivaldeltakarar, men det var ikkje nok til å redde budsjettet. Det blir knallraude tal for den nye trønderfestivalen.

– Vi hadde greitt besøk på fredag, men på laurdag sto eg i eit hjørne og såg på at festivalen rett og slett regna vekk. Vi skal bruke nokre dagar på å finne ut om vi ønskjer å prøve eit år til, og om det i det heile er mogleg, seier Haukø.

– Har vist at det går an

Han er likevel ikkje skuffa over det dårlege oppmøtet, berre nøgd med det dei har fått til.

– Eg er aldri skuffa over publikum, eg er takknemleg for dei som trossa vêret og kom likevel. Dei fekk oppleve at det går an å ha det koseleg på festival i regnvêr. Vi er glade for at publikum, artistar og leverandørar er fornøgde.

Festivalsjefen seier at gjennomføringa av festivalen trass alt har gått bra, og at arrangørane har vist at det går an å lage festival i Levanger.

– Det er mykje arbeid som ligg bak, spesielt sidan det var første året vårt, utan rutiner på plass. Det er verd det når vi har klart å lage festival, seier Haukø.

Valde feil helg

Denne helga har vore full av arrangement for festglade trøndarar. Med blant anna Olavsfestdagar, Storåsfestival og Spelet på Stiklestad, er det ikkje så lett å vere fersk nordtrønder i festivalbransjen.

– Om det blir festival neste år så blir det garantert ikkje denne helga. Det er vanskeleg i seg sjølv å sørge for førehandssal av billettar, for folk veit at det er god plass utandørs. Dei ser an vêret, og det forstår eg godt.

Det var storstjerna Lars Winnerbäck som sette datoen for Levanger Live i år. Då dei sikra seg avtalen med han for fredag 27. juli, la dei opp resten etter det.

– Ein eventuell ny festival vil bli ei anna helg, uansett kva artistar som kan den siste helga i juli, garanterer festivalsjefen.

Winnerbäck på Levanger Live

TOK PUBLIKUM: Lars Winnerbäck sørga for at nesten 1500 publikummarar kom til Levanger Live fredag kveld.

Foto: Levanger Live