Hopp til innhold

Væpna aksjon i Verdal

I dag føremiddag måtte væpna politi rykka ut til eit hus i Verdal.

Ei bekymra mor ringte etter politiet etter det braut ut krangel mellom far og son. Sonen hadde då gripe ein kniv, og trua far sin.

Politiet fekk meldinga klokka 10:18, og rykka ut med væpna personell. Då dei kom fram til huset, hadde mora fått fatt i kniven og rømt frå huset.

Sonen sat på trappa utanfor huset, og blei pågripen utan dramatikk. Han var synleg berusa. Ingen blei skada, og guten sit no i avhøyr.